Hofuf

From Wikipedia, the free encyclopedia

Hofuf

Al-Hofuf (òg Hofuf , Hofof' eller Hufuf, òg kalla Al-Hasa og Al-Ahsa,[1] arabisk الهفوف, al-Hufūf) er eit stort bysenter i Al-Ahsa-oasen i Austprovinsen i Saudi-Arabia. Området er kjent som ein av dei største daddel-produsentane i verda, og for dei gamle marknadane og slotta som ligg her.

Kjappe fakta Land, Region ...
Hofuf
by
Thumb
Land  Saudi-Arabia
Region Hofuf
Koordinatar 25°23′N 49°35′E
Folketal 1 500 000  (2014)
Borgarmeister Bin Jalawi
Provinsguvernør Saud bin Naif
Retningsnummer +966-13
Thumb
Hofuf
25.3608°N 49.5997°E / 25.3608; 49.5997
Thumb
Kart som viser Hofuf.
Kart som viser Hofuf.
Wikimedia Commons: Hofuf
Lukk

Oversyn

Byen ligg i innlandet, sørvest for Abqaiq og DhahranDammamAl-Khobar storbyområde langs vegen sørover til Haradh. Han er den mest nærliggande byen til det kjende Ghawar-feltet, eit av dei største landbaserte oljefelta i verda.

Hofuf er eit av dei store kultursentera i Saudi-Arabia, og mange kjende familiar bur her. Fakulteta for jordbruk, veterinærmedisin og dyreressursar under Kong Faisal universitet ligg i byen (resten ligg i Dammam).

I følgje segna er staden gravplassen til Laila og Majnoon frå ei av dei mest populære kjærleikssogene i den arabiske og muslimske verda. Dronninga av Saba skal òg ha vitja byen frå kongedømet sitt i Jemen.

Økonomi

Historisk sett var Hofuf kjend for tekstilar av ull, silke og bomull. I 1920 var byen kjend for kaffikanner av sølv og messing.[2]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.