Daddel
planteart dyrka for frukta From Wikipedia, the free encyclopedia
Daddel er frukta frå daddelpalmen (Phoenix dactylifera) i daddelpalmeslekta i palmefamilien.[1] Ein dyrkar dadlar i tørre delar av Asia og Nord-Afrika, særleg i oasar. Daddeldyrking er særleg viktig i Midtausten.
Daddelpalme | |
![]() Daddelpalmar i Marokko | |
Status | |
Status i Noreg: Framandart som ikkje er risikovurdert | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Palmeordenen Arecales |
Familie: | Palmefamilien Arecaceae |
Underfamilie: | Coryphoideae |
Stamme: | Phoeniceae |
Slekt: | Daddelpalmeslekta Phoenix |
Art: | Daddelpalme P. dactylifera |
Vitskapleg namn | |
Phoenix dactylifera |
Skildring
Daddelpalmen er eit mellomstort tre, 15-25 meter høgt, som kan ha fleire stammar frå same rotsystemet eller ein enkel stamme. Blada er 3-5 meter lange.

Dadlar
Daddelfrukta er eigenleg eit bær som inneheld eitt frø. Ein har brukt dadlar til mat i Midtausten i tusenvis av år. Dei har vore dyrka frå Mesopotamia til Egypt, kanskje så tidleg som 4000 f.Kr Arkeologiske funn tyder på at dadlar kan ha vore kultiverte aust i Arabia i 6000 f.Kr

Dyrking
Daddelpalmar blir dyrka for frukta, for å gje ly og som prydplante.
Verdas eldste spirande frø
Eit 2000 år gammalt daddelfrø frå Masada nær Daudehavet vart i 2008 det eldste frøet i verda ein har fått til å spira.[2] Førebels undersøkingar har vist at planta deler omtrent halvparten av DNA-et med tre moderne variantar av daddelpalmen, frå Egypt, Irak og Marokko.
Daddel i kulturen
Daddelpalmen har lenge vore ein viktig kulturplante i området ho veks i. Han er nemnd fleire gonger i Bibelen og Koranen, og blir mellom anna nytta til å byggja lauvhytter under den jødiske sukkothøgtida. Palmegreinene er mellom anna eit symbol for siger, og kan brukast til å markera palmesundag. Innan islam er det vanleg å bryta fasta under ramadan med dadlar og vatn. Ifølgje tradisjonen likna Muhammed ein god truande med daddelpalmen.[3]
Daddelpalmen er eit nasjonalsymbol for Saudi-Arabia, som nytter han i riksvåpenet. Han er også avbilda på pengar og frimerke frå Algerie, Libya og Tunisia.[4]
Daddelpalme i Noreg
I Noreg er daddelpalme ein framandart som er innført som matvare, og det er funne frøplanter som har spira på deponi for matavfall kring Oslofjorden og i Trøndelag frå 1950.[5]
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.