amerikansk musikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Hiram Law Bullock (11. september 1955–25. juli 2008) var ein amerikansk jazzfunk- og jazzfusion-gitarist.
Hiram Bullock | |||
| |||
Fødd | 11. september 1955 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Osaka i Japan | ||
Død | 25. juli 2008 (52 år) | ||
Dødsstad | Manhattan | ||
Fødenamn | Hiram Law Bullock | ||
Opphav | USA | ||
Sjanger | Jazz, jazzfusion | ||
Instrument | Gitar | ||
Verka som | jazzmusikar, gitarist, jazzgitarist |
Han var fødd i Osaka i Japan av afroamerikanske foreldre som tente i det amerikanske forsvaret. Då han var to år gammal flytta familien til Baltimore. Han synte seg raskt som eit stort musikktalent. Han lærte piano ved Peabody Conservatory of Music, og spelte første gong for folk berre seks år gammal. Etter å ha lært seg saksofon og bass, byrja han å spele gitar 16 år gammal.[1]
Bullock studerte ved University of Miami og møtte gitaristane Pat Metheny og Steve Morse og bassistane Jaco Pastorius og Will Lee. Han betalte for studiane ved å spele på nattklubbar i Florida, før han flytta til New York. Han er mest kjend for spelinga med Pastorius, på Late Night with David Letterman og arbeidet med David Sanborn og Bob James. Han spelar med Steely Dan på Gaucho (1980), Paul Simon på One Trick Pony (1980), Sting på ...Nothing Like the Sun (1987) (solo på coverversjonen av Jimi Hendrix sin «Little Wing») og Billy Joel på The Stranger (1977). Han arbeidde òg for Harry Belafonte, Marcus Miller, Carla Bley, Miles Davis, Ruben Rada (på albumet Montevideo) og Gil Evans.
Han spelte som medlem av the 24th Street Band, som gav ut tre album: 24th Street Band (1979), Share Your Dreams (1980) og Bokutachi (1981).
I 1982 gav han ut debutplata si, First Class Vagabond.
I 1986 gav Bullock ut det første albumet sitt som leiar for Atlantic Records kalla From All Sides, etterfølgd av albuma Give It What You Got i 1987 og Way Kool i 1990.
I 2007 fekk Bullock strupekreft, men vart behandla for dette og byrja å turnere igjen. Langvarige probl med dopmisbruk førte likevel til at han døydde den 25. juli 2008.[2] Han vart æra av David Letterman på showet hans.
Med Gil Evans
Med Art Farmer
Med Dizzy Gillespie
Med Jeremy Steig
Med Chaka Khan
Med John Scofield
Med Carla Bley
Med Rubén Rada
Med Rubén Rada
Med Various Artists
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.