From Wikipedia, the free encyclopedia
Henry Williams (fødd 11. februar 1792 i Gosport i England, død 16. juli 1867 i Pakaraka i Bay of Islands på New Zealand) var ein av dei første misjonærane som reiste til New Zealand i den første halvdelen av 1800-talet. Han vart kalla «sjøkrigaren».
Henry Williams | |
Statsborgarskap | New Zealand, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland, Kongeriket Storbritannia |
Fødd | 11. februar 1792 Gosport |
Død | |
Yrke | misjonær, oppdagar |
Religion | Den anglikanske kirke |
Far | Thomas Williams |
Mor | Mary Marsh |
Ektefelle | Marianne Williams |
Henry Williams på Commons |
Williams gjekk inn i marinen 14 år gammal og tenestegjorde i Napoleonskrigane. Han reiste til New Zealand i 1823 som misjonær. Maorinamnet hans var Te Wiremu Karuwha ('Fireauge-Williams', Henry hadde briller). Den yngre bror hans, William Williams, var også misjonær på New Zealand.[1] Sjølv om Henry Williams ikkje var den første misjonæren på New Zealand – misjonærane Thomas Kendall, John Gare Butler, John King og William Hall hadde kome dit før han – var han den første «som lukkast med misjonsverksemd, delvis fordi dei andre hadde opna opp vegen for han, men mest fordi han var den einaste som var djerv nok, einvis nok og sterk nok til å halda ut, utan tanke på kva for farar han utsette seg for, eller kva fiendar han fekk».[2]
Henry Williams omsette Waitangitraktaten til maori ved hjelp av sonen sin, Edward (1840).
I 1844 vart han innsett som erkediakon (i den anglikanske kyrkja ein stilling direkte underlagt biskopen) i Waimate.[3]
Henry var son til Thomas Williams og Mary Marsh frå Gosport, dei gifta seg i 1783.
Thomas Williams forsynte den engelske marinen med uniformer. I 1796 flytta Thomas og Mary med dei seks born sine til Nottingham, som på den tid var det blømande sentrum for den industrielle revolusjonen i East Midlands.[4] Thomas investerte i ein maskin som laga kniplingar. Familien gjorde det godt. I 1802-03 var Thomas ein av dei to kammerherrane i byen, og i 1803–04 var han ein av dei to bydommarane. I 1804 døydde han av tyfus i ein alder av 50, og etterlet seg Mary med fem søner og tre døtrer å ta seg av.[5]
Thomas og Mary Williams hadde ni born, seks (medrekna Henry) som var fødde i Gosport, og tre (medrekna William) i Nottingham:
Thomas Williams døydde då Henry var elleve år gammal. William var berre tre år då.
I 1806, då han var 14 år gammal, gjekk Henry inn i marinen som kadett.[7] Han gjorde teneste på ulike skip og under fleire orlogskapteinar, og deltok i slaget om København i 1807 då den danske flåten vart teken. Ombord på «Galatea» deltok han i trefninga utanfor Toamasina (Tamatave) i 1811, mellom tre engelske fregattar under kommando av kaptein Schomberg, og tre franske skip med overlegen styrke. Williams vart såra, og kom seg aldri heilt etter skadane. Han fekk ein krigsmedalje for innsatsen sin.
Mellom dei seinare tildragingane han deltok i, slost han ombord på «Endymion» i aksjonen mot det amerikanske krigsskipet «President». Då det sistnemnde vart tvinga til å overgje seg, var Williams medlem av eit lite prisemannskap som segla det sterkt skada skipet til hamn, etter å ha kjempa mot ein storm og slått ned eit mytteri blant dei amerikanske fangane.[8]
I 1815, då freden kom, forlet han flåten med halv løytnantsløn.[9] I ein alder av 23 hadde han vore «i Nordsjøen og Austersjøen, langs dei franske og spanske kystane, sør til Kapp Horn, opp austkysten til Madagaskar, over Indiahavet til Mauritius, og nord til kysten av India. Etter å ha tenestegjort i Madras og Calcutta, avslutta han engasjementet sitt i flåten på oppdrag i amerikanske farvatn på skipet «Endymion».[10]
Henry gifta seg den 20. januar 1818 med Marianne Coldham (fødd 12. desember 1793 i Yorkshire i England, død 16. desember 1879 i Pakaraka på New Zealand. Dei fekk elleve born.[11]:
Edward Garrard Marsh, mannen til søstera til Henry, Lydia, kom til å spela ei viktig rolle i livet hans. Marsh var medlem av Church Missionary Society (CMS). Henry fekk ei bok av han, The Missionary Register, som handla om arbeidet til misjonærar i fjerne land. Henry fekk spesielt interesse for New Zealand og det innfødde maorifolket der. Henry tilbaud tenestene sine til CMS først i 1819. Han vart først motteken som lekmann, men vart ordinert seinare.[12]
Henry studerte kirurgi og medisin og lærte seg om båtbygging. I to år heldt han på med teologiske studiar for å verta kvalifisert til Holy Orders (ordinering),[10] og vart ordinert som diakon i (den anglikanske) Church of England den 2. juni 1822 av biskopen av London, og som prest den 16. juni 1822, av biskopen av Lincoln.[13]
Den 17. september segla Henry og Marianne og dei tre borna til Sydney i Australia på fangeskipet «Lord Sidmouth». I februar 1823 møttest Henry og presten Samuel Marsden i Hobarton, for første gong. Seinare møttest dei i Sydney. I juli 1823 sette dei segl for New Zealand, der Henry slo lag med Marsden på hans fjerde reise til New Zealand, om bord på «Brampton».[14]
I 1823 nådde han fram til Bay of Islands og busette seg ved Paihia. Paihia låg nær Kororareka (dagens Russell), på den tida kalla «helveteshola i Sør-Stillehavet», ein busetnad med svært dårleg rykte, og som vart oppsøkt av mange kvalfangarar i den delen av Stillehavet.
Misjonærgruppa, som vart plassert her av presten Samuel Marsden, var samansett av svært ulike personar:
Henry vart snart leiaren på misjonsstasjonen. Han hadde ei anna tilnærming til misjonærarbeidet enn Marsden. Framgangsmåten til Marsden hadde vore å undervisa i nyttige gjeremål som ei førebuing til evangeliseringa. Denne tilnærminga hadde liten suksess. Dessutan hadde ein – for å kunna byta til seg tilstrekkeleg med mat – gjeve etter for presset om å byta med muskettar, den delen av bytehandelen som maoriane viste størst interesse for. Henry konsentrerte seg om å frelsa sjeler.[12] Williams stogga handelen med muskettar. Det førte med seg at misjonsstasjonen ikkje kunne byta til seg mat, og at maoriane vart harme over å verta nekta muskettane. Men snart kunne misjonærane dyrka nok mat til seg sjølve. Māoriane fann etter kvart ut at forbodet mot handel med muskettar var den einaste måten å få ein ende på stammekrigane,[2] men det tok si tid. I førstninga var det fleire alvorlege konfliktar og konfrontasjonar med dei innfødde. Ei av dei mest alvorlege hendingane var konfrontasjonen med Tohitapu i februar 1824.[17][18]
I 1826 vart skonnerten «Herald» bygd på stranda ved Paihia.[12] Henry fekk hjelp av Gilbert Mair. Med dette skipet vart Henry betre i stand til å føra tilsyn med misjonsstasjonane og til å vitja meir fjerntliggjande område på New Zealand. Båten forliste i 1828 under innsegling til Hokianga Harbour.[19] Ein av dei første turane med «Herald» tok Henry til Port Jackson i Australia. Her møtte han den yngre bror sin, William Williams og Jane, kona hans. William, som hadde studert til kirurg, bestemte seg for å verta misjonær på New Zealand som broren. Dei segla til Paihia ombord på «Sir George Osborne», det same skipet som hadde teke William og Jane frå England.[20] William hadde eit talent for å læra maorispråket, og byrja snart å omsetja Bibelen til maori.
Henry Williams hadde ein sterk personlegdom, og dette bidrog til hans veksande mana (autoritet) mellom maoriane. «Sjølv om hans evne til å skjøna den innfødde kulturen vart sterkt hemma av den evangeliske kristendommen hans, var staheita hans på fleire måtar ein føremon i arbeidet mellom māoriane. Frå den første dagen ha kom fram, nekta han å la seg skremma av trugsmål og høgrøysta framferd frå dei».[21]
I 1827 kom det til nye trefningar mellom maoristammar. Hongi Hika, ein høvding i iwien Ngā Puhi, medverka sterkt i desse. Han vart såra, og døydde fleire månadar seinare. Henry arbeidde aktivt for å få til ei fredeleg løysing på det som trua med å verta ein blodig krig. I tillegg til dette kom om morgonen den 5. januar briggen «Wellington», eit fangeskip, frå Sydney, på veg til Norfolk Island. Fangane hadde gjort oppreist og teke kapteinen, mannskapet og passasjerane til fange. Henry overtala kapteinane på to kvalfangsskip som låg i hamna å ta «Wellington» attende. Førti fangar kom seg unna.[22]
I 1827 vart seks kapittel av den første Bibelen på maori gjevne ut.[23]
I 1830 var der ei trefning i Kororareka, stundom omtala som Girls War,[24] som førte til at leiaren i Ngā Puhi, Hengi, vart drepen. Henry prøvde å få i stand fred. Tohitapu samarbeida den gongen. Då den høgt respekterte presten og misjonæren Samuel Marsden kom til staden, såg det ut som om det rådde fred. Men Hengi sine søner, Mango og Kahaka, var ikkje nøgde med stoda. I mars 1831 og mars 1832 fann det stad nye kampar. Henry freista å få i stand fred på nytt, men majoriteten av Ngā Puhi heldt fram med offensiven. Då Henry segla attende til Paihia, kom han ut for ein rasande storm. Henry overtok kommandoen over skipet frå kapteinen og redda det[25]
Den 7. februar 1830 vart ein høvding i iwien Ngā Puhi, Rawiri Taiwhanga (1818–1874), døypt som kristen.[26] Han var den første høgtståande maorien som vart omvend til kristendommen.[27] Dette var ei stor oppmuntring for misjonsarbeidet til CMS, etter som han vart følgd av fleire andre.
I 1833 medverka Henry i forhandlingar om å frigje ein del slavar som var tekne av Ngā Puhi, dei fleste av desse høyrde til Ngāti Porou frå austkysten.
«Frå 1830 til 1840 styrte Henry Williams misjonsverksemda med ei vennleg, men fast hand.(...) Og då dei første nybyggjarane frå New Zealand Company gjekk i land ved Wellington i 1839, gjorde Williams det han kunne for å avvisa dei, fordi han ottast at dei ville overta landet, ved å ta det frå māoriane, og læra dei gudlause vanar.»[2]
Henry Williams spela ei leiande rolle i å utvida misjonsverksemdene sørover. «Han gjorde fleire reiser til andre delar av Nordøya for å sjå på mogelege utvidingar av misjonsverksemda, og han tilrettela oppbygginga av nye misjonsstasjonar. Han sende ut misjonærar for å arbeida fleire stadar i Waikato i 1830-åra. Broren William flytta til Turanga i Poverty Bay på slutten av tiåret, og det vart starta misjonsverksemd så langt sør som Otaki».[21]
Henry Williams spela ei viktig rolle i utforminga av Waitangitraktaten i 1840. Saman med sonen sin omsette han det engelske traktatutkastet til maori.
I omsetjinga nytta han ein dialekt som vart kalla «misjonærmaori», som ikkje var det tradisjonelle maorispråket, men som hadde vorte «konstruert» av misjonærane. Maoriane var derfor forvirra over noko av ordbruken. Eit døme på dette i traktaten er nemninga kawanatanga (overherredøme), eit låneord som ein trur Williams har omskrive frå engelsk. Ordet viste seg i maorispråket for første gong i traktaten, og somme meiner enno at dette ordet var eit ueigna val.
Henry Williams var òg involvert i å forklara traktaten for maorileiarar, først under møta med William Hobson i Waitangi, men også seinare då han reiste omkring for å overtala andre maorileiarar til å underteikna traktaten.
Hans medverknad i desse drøftingane førte han «inn i ei stadig aukande ukomfortabel rolle som meklar mellom to rasar».[21]
I 1844 utnemnde den første anglikanske biskopen på New Zealand, George Augustus Selwyn, Williams til erkediakon av Waimate.
I 1845 kom George Grey til New Zealand som guvernør. Han møtte alvorlege oppstandar i nord. I løpet av 1830-åra hadde Henry Williams kjøpt vidstrekte landområde for å skaffa tryggleik for den veksande familien sin. Grey skulda han no for å vera landspekulant, og – med urette – at mykje av vanskane i nord kom av landeigedomane til misjonærane i CMS. Biskop Selwyn tok parti med Grey, og i 1849 vedtok CMS å gje Henry avskil frå tenesta.[28]
Henry flytta til Pakaraka. Her dyrka borna hans det landet som var årsaka til vanskane hans. Han heldt likevel fram med misjonsarbeidet sitt og heldt gudstenester. I 1854 vart han sett inn att i CMS.[21]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.