From Wikipedia, the free encyclopedia
«Hellhound on My Trail» (opphavleg «Hell Hound on My Trail») er ein bluessong spelt inn av Robert Johnson i 1937. Det var den førte songen som vart spelt inn under den siste innspelinga til Johnson i Dallas, sundag 20. juni 1937, og den første singelen som kom ut frå denne innspelinga.[1] Han var inspirert av tidlege bluessongar,[2] og vert rekna for å vere «den mest kjende og best likte songen til Johnson».[1]
Hell Hound on My Trail Singel av Robert Johnson | ||
B-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | September 1937 | |
Innspelt | Dallas, 20. juni 1937 | |
Sjanger | Blues | |
Lengd | 2:35 | |
Selskap | Vocalion (3623) | |
Komponist | Robert Johnson | |
Tekstforfattar | Robert Johnson | |
Låtskrivar(ar) | Robert Johnson | |
Robert Johnson-kronologi | ||
«Walkin' Blues»/ «Sweet Home Chicago» (1937) |
Hell Hound on My Trail | «Malted Milk»/ «Milkcow's Calf Blues» (1937)
|
I følgje segna selde Johnson sjela si til djevelen ved eit vegkryss til gjengjeld for det musikalske talentet sitt.[3] Denne songen har medverka til mystikken kring Johnson som ein mann som er i grepet på det vonde, og avtalen hans med djevelen har blitt ein del av popkulturen.[4]
Før songen til Johnson, hadde uttrykket «hellhound on my trail» blitt nytta i fleire bluessongar.[2] Sylvester Weaver sin «Devil Blues», spelt inn i 1927, har linja «Hellhounds start to chase me man, I was a running fool, My ankles caught on fire, couldn't keep my puppies cool»[5] og «Funny Paper» Smith song i sin «Howling Wolf Blues No. 3» frå 1931: «I take time when I'm prowlin', an' wipe my track out with my tail ... Get home and get blue an' start howlin', an' the hellhound on my trail».[6] Biddleville Quintette si religiøse innspelinga frå 1926, «Show Pity Lord» opnar med «The hell hound has turned back off my trail».[7]
I følgje bluesforskarar, følgde Johnson bluesartistane Johnny Temple (1935 «The Evil Devil Blues»[8]) og Joe McCoy (1934 «Evil Devil Woman Blues»[9]) med å tilpasse Skip James sin «Devil Got My Woman» frå 1931.[2][10][11][12][13] Den kjenslemessige intensiteten, gitarstemminga og den anstrengde synginga på «Hell Hound on My Trail» finn ein òg i versjonen til James.[11] I 1980-åra fann ein ei anna James-innspeling kalla «Yola My Blues Away» (1931)[14] som hadde likskapar til «Devil Got My Woman», der melodien til «Hellhound» ligg nærare «Yola» enn «Devil».[15]
«Hell Hound on My Trail» er framført solo av Johnson på vokal og slidegitar. Han nyttar ein open e-moll-stemming på gitaren, der dei mørke strengane gjev ein eintonig akkompagnement, medan «flaskehalsen får dei lyse strengane til å stønne som vind gjennom daude tre».[16]
Tekstmessig handlar songen om «det kjende bluestemaet om ein omvandrande musikar, men no har reisa mørkare tonar, den reisande er forfølgd».[1] I følgje musikkhistorikaren Samuel Charters er det første og siste verset i songen dei finaste i heile blueshistoria.[17] Han skildrar det poetiske biletet som glimrande og intens med ei kjensle av personleg raseri.[18] Teksten handlar om ei forpint sjel som ikkje kjem seg nokon veg.[19] Synet om helveteshundar som kjem for å fange syndarar var vanleg hos kyrkjegjengarar i Sørstatane på denne tida.[17]
I 1983 vart Robert Johnson sin «Hell Hound on My Trail» innlemma i Blues Foundation Hall of Fame i kategorien «Classic of Blues Recording».[13] Songen er oppført på lista til NPR over dei 100 viktigaste amerikanske musikkverka på 1900-talet.[3] På Eric Clapton si hyllest til Johnson, Me and Mr. Johnson, spelar han ein versjon av «Hellhound on My Trail». Ei soloutgåve frå 1968 av Jeremy Spencer på vokal og piano finst på Fleetwood Mac, debutalbumet til Peter Green-versjonen av Fleetwood Mac.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.