Helgeland kammerkor er eit regionalt blanda kor med om lag 35 songarar. Koret vart stifta i Sandnessjøen i 1992, og har sidan arrangert konsertar på dei fleste store og mange små stader på ytre og indre Helgeland. Koret har medlemmer frå Alstahaug, Brønnøy, Dønna, Herøy, Lurøy, Nesna, Rana og Vefsnkommunar. Helgeland Kammerkor har øvingshelg ein gong i månaden, og konserthelger/turnéar kvart semester.
Helgeland kammerkor har gitt ut to CD-plater: Folketoner fra Helgeland (2005) og Mennesket og skaperverket (2012).
Hausten 2012 feira Helgeland kammerkor 20-årsjubileum med konsertar på Hurtigruta og i Lurøy kyrkje. Samtidig vart koret profilert i Norges Korforbunds tidsskrift Korbladet.[1] Mars 2013 vart Helgeland kammerkor presentert som vekas artist på NRK Nordland, med musikk frå CD-plata Mennesket og skaperverket.
Hausten 2017 feira Helgeland kammerkor 25-årsjubileum med stor konsert i Kulturbadet i Sandnessjøen, i lag med distriktsmusikargruppa KammeRana. Ein artikkel om Helgeland kammerkor i bladet Bo & Lev på Helgeland, skriven i samband med jubileet, skildrar koret slik: «I 25 år har Helgeland kammerkor vært et godt eksempel på samarbeid i regionen.»[2]
1992–1993 Knut Størdal
1994–1995 Ivar Roger Hansen
1995–1997 Lise Jaastad
1997–2001 Øivind Mikalsen
2001–2004 Christopher Eva
2005–2008 Hazel Eilertsen
2008–2009 Vegard By
2009–2018 Christopher Eva
[[Fil;HK 2017.10.28 Sandnessjøen.jpg|mini|Helgeland kammerkor markerer 25-årsjubileum med konsert på Kulturbadet i Sandnessjøen, i samarbeid med KammeRana 28. oktober 2017]]
1995: Deltaking på Festspela i Nord-Norge (Harstad): Jephtas Datter med musikk av Ivar Roger Hansen
1997: Julekonsert med Arne Dagsviks kantate I denne søte juletid.
1999: Under Troens seil av Svein Ellingsen og Wolfgang Plagge: urframføring i samband med markeringa av 800-årsjubileet i Alstahaug, Herøy og Dønnes kyrkjer.
2000: Second Sacred Concert av Duke Ellington i samarbeid med Silje Nergaard og DIOC Storband.
2015. Januar: Åpningskonsert på Mo Kirkemusikkfestival[11][12]. April: ny turne med Carmina Burana av Carl Orff i samarbeid med ensemblet KammeRana. Herøy kyrkje, Sandnessjøen kyrkje, Hemnes kyrkje og Gruben kyrkje. Juni: Songarstmnet i Oppdal, Trøndelag. Julekonsertar i Hattfjelldal kyrkje og Tärna kyrkje.
2016. April: konsert Vær hilset i samarbeid med ensemblet KammeRana, Nesna kyrkje og Mo kyrkje. Juni: samarbeid med Onøy/Lurøy sangkor, med konsert i Lurøy kyrkje. August: konsert i Sjona kyrkje, Rana (markering av 100-årsjubileet for kyrkja). Oktober: folketonar og madrigalar på Kulturverkstedet i Sjøgata i Mosjøen, Mosjøen. Desember: Jjulekonsert i Brønnøy kyrkje.
2017. April: Musikk for fastetid og påske, Alstahaug kirke. Juni: kortur til Dublin, Irland. Oktober: Helgeland kammerkor markerer 25-årsjubileum med storslagen konsert på Kulturbadet i Sandnessjøen. Desember: Julekonserter i Leirfjord kyrkje og Drevja kyrkje.
2018. Januar: Koret deltar for andre gong på Mo Kirkemusikkfestival. Mai: vårkonsert i Dønnes kirke. Juni: konsert i Susendal kyrkje.
Helgeland Kammerkor har reist på tre korturar utanlands
London, England (2011). Koret song i [[Den norske sjømannskirkeyrkja i London og besøkte bl.a. Greenwich og Lewisham.
Reykjavík, Island (2014). Koret song i Fella- og Hólakirkja, Nordens hus og Harpa konserthus
Dublin, Irland (2017). Konsertar in Christ Church Cathedral og St. Stephen's Green. Koret song òg på terrassen utenfor Powerscourt House, County Wicklow, og ved statuen av Molly Malone i Suffolk Street, Dublin.
Folketoner fra Helgeland (2005) 27 folketoner fra Helgeland. Dirigent: Christopher Eva. Innspilling: Alstahaug kyrkje, 16.-18. september 2005. Produsent: Fred Endresen.
Mennesket og skaperverket (2012) Salmer, viser, folketoner og madrigaler. Dirigent: Christopher Eva. Tittelen er henta frå ein salme av Svein Ellingsen. Innspilling: Gruben kirke, Mo i Rana, 27.-29. januar 2012. Produsent: Fred Endresen.