From Wikipedia, the free encyclopedia
«Heartbreak Hotel» er ein rock and roll-song gjort kjend av Elvis Presley. Songen vart spelt inn i Nashville i januar 1956 med Bill Black på bass, Scotty Moore på sologitar, D.J. Fontana på trommer og Floyd Cramer på piano. Dette var songen som gjorde Presley nasjonalt kjend i USA. Han vart gjeven ut som singel den 27. januar 1956 med «I Was The One» som B-side. «Heartbreak Hotel» vart den første singelen til Elvis som gjekk til topps på salslistene og ein av dei mestseljande singlane i 1956.[1]
«Heartbreak Hotel» Singel av Elvis Presley | ||
B-side |
«I was the One» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 27. januar 1956 | |
Innspelt | 10. januar 1956 | |
Sjanger | Rock and roll | |
Lengd | 2:08 | |
Selskap | RCA Records | |
Komponist | Tommy Durden, Elvis Presley, Mae Boren Axton | |
Tekstforfattar | Elvis Presley, Tommy Durden, Mae Boren Axton | |
Låtskrivar(ar) | Mae Boren Axton, Thomas Durden og Elvis Presley | |
Produsent | Steve Sholes | |
Elvis Presley-kronologi | ||
«Baby Let's Play House» (1955) |
«Heartbreak Hotel» | «My Baby Left Me» (1956)
|
Dette var den første songen Elvis spelte for RCA Victor, og han valde sjølv ut songen. Han hadde tidlegare lovd medlåtskrivar Mae Boren Axton at han skulle spele songen inn. Produsent Steve Sholes var uroleg, men slo seg til ro med at Elvis visste kva han gjorde. 11. februar 1956 spelte Elvis songen på eit fjernsynsprogram, noko han gjorde fleire gonger i mars same året.
Songen er basert på ein 8-taktsblues og vart skrive av Thomas Durden, som då var steel-gitarist i Smiling Jack Herring and his Swing Billies,[2] og Mae Boren Axton, ei lærerinne i Jacksonville i Florida og mor til musikar og skodespelar Hoyt Axton. Elvis Presley fekk medlåtskrivarkredit for endringar han gjorde då han spelte inn songen.[3] I eit intervju har Durden sagt at han ikkje kjende songen igjen etter at Elvis hadde gjort endringar til songen i studio, som tempoendring, frasering, tekst og det totale lydbilete.
Steve Sholes spelte inn songen i ein korridor for å få det spesielle ekkoet som vert nytta i songen. Sholes prøvde å gjenskape denne stilen frå Elvis sine plater på Sun Records. Sam Phillips på Sun hadde nytta to bandopptakarar og ei lita tidforskyving på Elvis sine tidlege innspelingar, ein teknikk ikkje RCA kjende til.[4]
«Heartbreak Hotel» låg på førsteplass på Billboard si poplista i 8 veker, på countrylista i 17 veker og nådde 3. plass på R&B-lista. I 2006, meir enn 50 år etter han først vart gjeven ut, gjekk songen igjen inn på toppen av Billboard si salsliste då han vart gjeven ut på ny.
Songen er rangert på 45. plass på Rolling Stone si liste over dei 500 største songane gjennom tidene.
Mange artistar har spelt inn versjonar av songen eller spelt han på konsertar, som Paul McCartney, Merle Haggard, Van Halen, Jimi Hendrix, Guns N' Roses, Bruce Springsteen, Chet Atkins, George Harrison, The Doors, Led Zeppelin, Willie Nelson og Leon Russell, Sha Na Na, Lynyrd Skynyrd, Roger Miller, Justin Timberlake, Tanya Tucker, Tom Jones, Roger McGuinn, Ann-Margret, Frijid Pink, Homer and Jethro, Conway Twitty, Delaney and Bonnie, Katie Melua og Pat Boone.
År | Liste | Plassering |
---|---|---|
1956 |
Cashbox pop singles chart Country and Western |
1 1 1 2 5 |
1971 |
UK Singles Chart |
10 |
År | Liste | Plassering |
---|---|---|
1979 |
Hot Country Songs |
1 |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.