From Wikipedia, the free encyclopedia
Haskell Strait er eit sund sør i McMurdo Sound, mellom Cape Armitage på Ross Island og Cape Spencer-Smith på White Island i Antarktis.[1] Oseanografisk skil det McMurdo Sound frå havbassenget under Rossisen. Sjølve sundet er kring 25 km breitt og somme stader over 900 meter djupt.[2] Det er målt straumar på nesten ein halv knop i sundet, sjølv om straumen vanlegvis er svakare.[3] Det er stort sett dekt av is av McMurdoisen og fastisen sør i McMurdo Sound. Ved sjeldne høve har havisen brote sund slik at det har vore mogeleg å segle i nordvesthjørnet av sundet fram til Scott-basen.
Haskell Strait | |||
sund | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Ross Dependency | ||
- koordinatar | 77.917°S 166.750°E | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Haskell Strait 77.916666666667°S 166.75°E | |||
Det er kalla opp etter den newzealandske polarforskaren dr. Timothy G. Haskell i 2009. Det er uklårt kvifor det ikkje tidlegare vart namngjeve som sund. Truleg kjem dette av at det som regel er isdekt og dominert av barrieren (McMurdoisen).
Apsley Cherry-Garrard skildrar korleis mennene og ponniane til Robert F. Scott her prøvde å kome seg bort frå isen som var i ferd med å falle frå kvarandre, medan spekkhoggarar patruljerte sjøen like ved.[4] Scott-basen, som er den newzealandske forskingsstasjon, vart oppretta under Det internasjonale geofysiske året 1957 og ligg like ved Haskell Strait.
Sidan sundet er eit av dei sørlegaste i verda, er det kraftig påverka av jordrotasjonen. Det er òg den vestlege innfallsporten til Rossgropa, ei enorm, hovudsakleg ukjend grop i Rosshavet. Gropa er ei stor kjelde til underkjølt vatn, vatn som er kaldare enn frysepunktet, men framleis flytande.[5] Slikt vatn påverkar veksten til sjøisen som igjen påverkar klima.[6]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.