From Wikipedia, the free encyclopedia
Håkon Ivarsson var ein norsk stormann, son av lendmannen Ivar Kvite. Han var jarl i Vest-Götaland under kong Stenkil og seinare jarl i Halland under kong Svein Estridsson. Han var fødd omkring år 1027 og døydde omkring år 1080.
Opplysningar om Håkon Ivarsson kan ein finne i Heimskringla og andre av dei norrøne sogene. Ei av dei eldste kjeldene finst i Morkinskinna, men det har ògså eksistert ei eiga, uavhengig soge om han: «Hákonar saga Ívarssonar[1] ». Dateringa er uviss, men ein reknar med at Snorre nytta henne som kjelde og truleg vart ho nedskriven på Island ein gong før år 1230. Berre deler av ei handskrift frå 1400-tallet er bevart. Det kan tenkjast at denne soga var ein del av den tapte soga om Ladejarlane. Soga om Håkon Ivarsson er den einaste, særskilte norrøne soga som handlar om ein norsk hovding som ikkje høyrde til ei kongsætt. Soga byrjar slik:
Dei ulike norrøne sogene gir noko ulike opplysningar om Håkon Ivarsson, det er jamvel blitt hevda at han ikkje var i slekt med jarleætta i det heile, men berre var ein mektig hovding av lendmansætt på Opplanda. Her er det lagt til grunn at det er i «Hákonar saga Ívarssonar» ein finn dei mest truverdige opplysningane om livet hans og dermed at oldefar hans var ladejarlen Håkon jarl den mektige. Lendmannen Ivar Kvite var far hans, det er ikkje kjent kven mor hans var, men farmora, nemnt i Morkinskinna som Ingeborg, må ha vore dotter åt Håkon jarl den mektige. Snorre nemner òg dette slektskapet når han kallar Eindride Einarsson for frende til Håkon Ivarsson[2]
Om lag 18 år gamal, ca år 1046, reiste han ut i viking og herja i vesterveg. Han skal ha vitja kong Edvard (Bekjennaren) i England og der vart han vist stor ære både av kongen folket hans. Seinare herja ein sumar saman med Finn Arnesson frå Austrått. Han var om lag 23 år gamal då han kom attende til Noreg; då var Harald Hardråde blitt einekonge og truleg var han heimkomen berre ei stutt tid før Einar Tambarskjelve og sonen hans, Eindride, vart drepne i 1050.
Drapa på Einar og Eindride var faktisk ei mørk og lagnadstung hending. Det fanst ikkje noko rimeleg grunn til at kong Harald skulle våge å gjere ein slik udåd, med mindre han hadde sterke mistankar om at Einar Tambarskjelve hadde planer om å gjere oppreist mot kongen og kanskje sette sin eigen son som ny ladejarl og herskar over Noreg.
No var ikkje drapa på Einar og Eindride eit enkeltståande døme på valdsbruk i styringstida til Harald Hardråde, og det som kanskje er meir påfallande, er at han gir inntrykk av ei kald kynisme som saknar sidestykke i norsk mellomalder. Ikkje berre nytta han drap og mord for å fjerne folk som stod i vegen for han, han kunne òg skryte av ugjerningane og tyktest å kunne glede seg over å minnast dei. Eit nokså grelt eksempel er verset nedanfor som han gjorde etter at han hadde rydda Kalv Arneson av vegen. Verset talar for seg sjølv:
|
|
Kong Harald var no redd for at bøndene var ute etter å få hemn over drapa, og han visste òg at den fremste mellom dei var Håkon Ivarsson. Soga viser til at Håkon både hadde hatt venskap med Einar og Eindride, og ikkje minst at han var i slekt med dei. Far hans, Ivar Kvite, og Eindride Einarsson hadde vore syskenborn. Kanskje var det òg slik at Håkon Ivarsson hadde planer om å reise strid mot kong Harald, for å avsetje han og gjere seg sjølv til herskar over Noreg i hans stad. Mange av dei mektigaste stormennene i landet ville truleg støtte Håkon Ivarsson i eit slikt tiltak. Orm Eilifsson jarl på Opplanda, Guttorm, son av Kjetil Kalv på Ringnes, Tore på Steig i Gudbrandsdalen, Aslak Erlingsson på Sola og Finn Arnesson på Austråt var alle hovdingar som var misnøgde med at Harald Hardråde hadde blitt einekonge etter at Magnus Olavsson døydde.
Kong Harald var nok medveten om dette og for å bøte på ugjerninga tilbaud han eit forlik som enda med at Håkon skulle få Ragnhild, dotter etter kong Magnus, til kone. Men Ragnhild var berre om lag 8-10 år på denne tida, og Håkon måtte vente med giftarmålet til ho vart vaksen. Ragnhild var sonedotter etter ein helgen og truleg det mest ettertrakta giftarmålet i Skandinavia på den tida. Forliket tyder difor på at kong Harald visste at mykje stod på spel og at Håkon Ivarsson var eit reelt trugsmål mot hans eiga kongsmakt.
Det kan sjå ut til at Håkon Ivarsson på denne måten let seg kjøpe til å halde fred med kong Harald, til så lenge, og han reiste heim til Opplanda. Finn Arneson kom stutt etter i usemje med kong Harald etter at broren Kalv miste livet, og han hadde reist til kong Svein Estridsson i Danmark som gav han jarlsnamn og styringa med Halland. Det er truleg at Håkon vitja Finn i Halland og truleg reiste dei på vikingferd i saman. Etter nokre år, truleg i 1058, reiste Håkon til kong Harald for å be han innfri lovnaden om giftarmålet med Ragnhild Magnusdotter. Men Ragnhild, som no var blitt vaksen, ville ikkje gifte seg med Håkon då han berre var «utigin», ein vanleg bonde. Håkon kravde då at kong Harald skulle gi han jarlsnamn, men kongen ville ikkje gå med på det. Håkon vart då fælande sint og reiste frå landet. Han for straks sør til Danmark der kong Svein Estridsson tok vel imot han og gav han store len og sette han til landevernsmann. Han låg såleis ute til sjøs både sumar og vinter, og stundom reiste han i viking saman med Finn Arneson som framleis var jarl i Halland.
Etter at Magnus den gode døydde, hadde Svein Estridsson, dotterson etter kong Knut den mektige, teke kongsmakt i Danmark. Men Kong Harald Hardråde gjorde krav på Danmark som han meinte han hadde arva etter kong Magnus, og han gjorde fleire hærferder for å legge under seg riket. Sogene fortel at han herja ofte i Danmark og at han vann seg mykje hærfang. Litt etter år 1050 gjekk han til åtak på den gamle handelsbyen Hedeby, og byen vart brend og rasert. Ein reknar med at denne hendinga var noko av årsaka til at byen gjekk til grunne, berre få år seinare.
Om våren 1062 kalla kong Harald ut leidangen og segla sørover for å vinne over kong Svein Estridsson, og ved elva Nissan (Niså) ved Halmstad kom det til eit stort slag (Slaget ved Niså). Rett før dette slaget tok til, kom Håkon Ivarsson og Finn Arnesson seglande med skipa sine, truleg på veg heim etter ei vikingferd. Finn var kong Svein sin jarl og slutta seg straks til den danske flåten. Håkon tykte ikkje at han kunne kjempe mot sine eigne landsmenn og med skipa sine slutta han seg til flåten til kong Harald, og med stor djervskap og styrke tok han del i striden. Der fekk kong Harald siger, men kong Svein greidde å røme frå slaget i ein liten båt (soga om Vandråd[3]). Det var Håkon Ivarsson som hjelpte kong Svein etter slaget slik at han greidde å kome seg usett i land.
Håkon jarl hadde eit venskapsband til kong Svein då han nyst hadde vore i hans teneste, og der var slektsband mellom dei: Gunnhild, dotter til Svein Ladejarl, hadde vore gift med kong Svein fram til ho vart skild frå han ein gong etter 1051. Men ei anna sak gjaldt og i tilhøvet dei i mellom; far til Håkon, Ivar Kvite var ei tid i hirda til kong Knut den mektige. Etter slaget ved Helgeå (1026) kom dei attende til Roskilde, og kong Knut baud då at Ulf Torgilsson jarl skulle drepast fordi han hadde sveke kong Knut og kjempa mot han i slaget. Ein mann gjekk då inn i Luciuskyrkja der Ulf jarl var, og drap han. Ulf Torgilson jarl var far til kong Svein og han som drap Ulf var Ivar Kvite, far til Håkon Ivarsson. Håkon tykte vel difor at han skulda å hjelpe kong Svein til å berge livet denne gongen.
Etter slaget for Håkon Ivarsson attende til Opplanda og det kom nok ein gong til forlik mellom han og kong Harald. Han fekk mykje skryt av djervskapen sin i slaget, og kongen lova at Håkon skulle bli jarl.
Truleg i jula det same året vart det halde bryllaup i kongsgarden for Håkon og Ragnhild. Men ikkje lenge etter skjøna Håkon at kongen likevel ikkje hadde tenkt å halde lovnaden om å gi han jarlsnamn (i sogene blir han oftast nemnd som jarl, men han vart aldri norsk jarl). Då tok han den avgjerda, at han ville reise frå landet og Håkon byrja med å selje eigedomane sine, og han sende folk for å gjere seglklar skipa han åtte.
Samstundes hende det at kong Harald fekk nyss om at det var Håkon som hadde hjelpt kong Svein til å sleppe undan etter slaget ved Nissan (sjå: soga om Vandråd), og våren 1063 sende han ein stor styrke til Opplanda for å finne og drepe han. Håkon måtte då i all hast røme undan for å redde livet, og saman med Ragnhild reiste han ut av landet og for til kong Stenkil i Sverige. Der fekk han fredland og kong Stenkil sette han til jarl i Götaland (Gautaland) og i Värmland. Kong Stenkil motarbeidde kong Harald i Noreg; han var naturleg nok redd for at Harald skulle finne på å gå til krig mot Sverige og truleg var han difor interessert i å gi støtte til Håkon.
Håkon Ivarsson tok no til å samle til seg mykje folk, både i Gautland og i Noreg, og han for vest til bygdene i Opplanda og kravde landskuld og skatt av bøndene. Sogene nemner at han ein gong drap tre av kong Harald sine menn som var på Opplanda for å krevje inn skatt. Men Håkon var godt omtykt der han kom og opplendingane sa at all skatt som dei skulle ut med, ville dei gi til han. Sidan for han aust til Gautland og heldt seg der medan han samla seg mannskap for å gjere hærferd mot Harald Hardråde.
Men den røynde krigaren og hardstyraren kong Harald visste motråder; han rusta ut ei sjøflåte med dei lettaste skipa han hadde og seint på hausten drog han oppover elva og inn i Vänern. Der fann han Håkon Ivarsson og mannskapet hans, og det kom til eit slag som enda med at Håkon og mennene hans måtte røme[4] Det var i dette slaget Håkon Ivarsson hadde merket til kong Magnus; han miste det då dei måtte røme, men vann det att seinare.
Kong Harald drog deretter attende til Opplanda, og den same vinteren, og i åra 1064 og 1065, herja han i alle bygdene der Håkon Ivarsson hadde fått støtte. Han let mange bønder skamfare og drepe og han brende gardane og øydelagde bygdene på Romerike, Hedmark, Ringerike og på Hadeland. Skalden Tjodolv Arnorsson har fortalt om dette i diktet Sexstefja[5]
I tre halvår for kongsmennene frå herad til herad i alle fylka på Opplanda, straffa bøndene og sette nye lover for skattar og tingordning. Ved slutten året 1065 var det fred i Noreg, alle dei som hadde vore i opposisjon til kong Harald var enten drepne eller jaga ut av landet, eller dei hadde bøygd seg inn under hans styre.
I 1064/65 kan det sjå ut til at kong Harald tykte han var komen i ei vanskeleg stode. Han var truleg lei av dei endelause krigane mot kong Svein i Danmark som aldri såg ut til føre til ei avgjerd. Han visste samstundes at ein eventuell allianse mellom Håkon Ivarsson og kong Svein kunne bli øydeleggjande for han. Difor måtte han gjennomføre to tiltak: eliminere Håkon sine styrkar i Gautland og på Opplanda og i tillegg gjere ei semje med kong Svein. Ein gong i 1065 sende han tilbod til Danmark om fredsforhandlingar og det vart gjort semje om å halde eit møte ved riksgrensa, truleg på Brennøyane. Kongane kom då saman og ei avtale om fred og forlik kom i stand. Riksgrensene mellom Danmark og Noreg skulle vere som før og inga erstatning skulle krevjast av nokon av partane. Kong Svein Estridsson hadde dermed i røynda oppnådd nett det han hadde kjempa for i alle år, medan kong Harald Hardråde hadde minst fordel av avtala då han måtte innsjå at alle krigane og krigsutgiftene var gjort til fånyttes. Men han greidde altså samstundes å eliminere dei eventuelle planane Håkon Ivarsson måtte ha.
Kanskje trong kong Harald også ryggen fri for å kunne sette i verk eit nytt krigsprosjekt, på ein heilt annan front: erobringa av England. I 1066 allierte han seg med Toste Godwinsson og innvaderte England, men vart drepen i Slaget ved Stamford bru, hausten 1066.
I alle høve ser det ut til at Håkon Ivarsson etter dette ikkje gjorde fleire freistnader på å hemne seg på Harald Hardråde, eller å vinne innpass i Noreg. Finn Arnesson døydde omkring år 1065 og truleg var det òg slik at kong Stenkil døydde på denne tida, og Håkon miste dermed viktig allierte i striden mot kong Harald. Han og Ragnhild og alt folket deira forlet Noreg for godt og drog til Danmark, der dei vart vel mottekne. Ikkje minst viste kong Svein Estridsson stor ære til Ragnhild, sonedotter etter Olav Haraldsson. Slik var det framleis gjævt å vere ættestor og av høg byrd, men no var det endå gjævare å høyre til inn under helgenglansen av Olav den Heilage.
På denne tida gjorde Åsmund, brorson til kong Svein, mykje ugagn i Danmark. Han for fram med vald og drap og kong Svein rådde ikkje med han. No gav kong Svein det tilbodet til Håkon Ivarsson, at om han kunne fange Åsmund og gjere slutt på herjingane, skulle han få jarlsnamn og Halland i len. Håkon la då ut med sine seks skip for å finne Åsmund. I ein fjord som heiter Slien kom det til kamp og Håkon vann over Åsmund og drap han.
Kong Svein var ikkje heilt nøgd med at Håkon hadde teke livet av brorsonen hans, men han sette likevel Håkon til jarl i Halland, som han hadde lova. Sogene seier at vennskapet mellom kong Svein og Håkon Ivarsson jarl ikkje var så varmt etter denne hendinga.
I dei angelsaksiske krønikene finst ei opplysning om at ein flåte på 200 skip frå Danmark gjorde hærferd mot England i 1075. Vilhelm Erobraren var då trygt etablert som kong Vilhelm I etter invasjonen i 1066. I krønikene står det at «styrken våga ikkje å legge til slag mot kongen», men dei gjekk i land og herja i York. Der øydelagde dei St Peters kyrkja og rana til seg mykje gods, og reiste deretter frå landet. Hovdingane for flåten var «Cnut the son of king Swein and eorl Hakon», og det måtte då vere Knut den heilage som vart dansk konge i 1080, og Håkon Ivarsson jarl. Krønikene nemner òg om denne hendinga at mange av danane vart drepne, mellom dei sonen til Håkon jarl. Det kan dermed sjå ut til at Håkon Ivarsson hadde ein son som døydde på denne hærferda, mest truleg var han då berre 13 år gamal.
Ein veit ikkje anna enn at Håkon Ivarsson vart verande som jarl i Halland resten av livet. Han måtte til sist stille seg til tåls med at den gamle jarleætta hadde utspela sin rolle som maktfaktor i Noreg. Det er rett nok nemnt i soga at han kom attende til Noreg etter 1066, då Harald Hardråde var borte, og han skal ha forlikt seg med sonen, Olav Kyrre, som då var blitt konge.
Etter det ein kan ha grunn til å tru, levde Håkon Ivarsson jarl etter at kong Svein Estridsson døydde den 28. april 1076, men innan 1080 var han truleg avliden.
Sogene er samstemde om at Håkon Ivarsson vart gift med Ragnhild Magnusdotter ved juletider 1062, og utan tvil vart etterkomarane hans rekna som særs høgbyrdige. Det er all grunn til å tu at «Soga om Håkon Ivarsson» gir den mest truverdige skildringa av livet og lagnaden hans. Dermed må ein med rette kunne hevde at denne soga representerte det siste og endelege avsnittet i soga om maktstriden mellom kongsættene og Håløygeætta.
Det er uvisst om Håkon Ivarsson vart verande bufast i Noreg etter 1066, men etter det ein trur å vite om etterkomarane til Håkon og Ragnhild, vart i det minste ein son som heitte Ivar gift i Noreg. Han fekk ein son som er nemnd som Åle Ivarsson Varg (f. ca. 1110) og truleg vart denne sonen gift med Margrethe, dotter åt kong Harald Gille.
Ei av døtrene til Håkon og Ragnhild heitte Sunniva (ca 1066 – 1130). Ho vart gift i Danmark og fekk sonen Håkon Sunnivason (død før 1134) - òg kalla Håkon Jyde eller Håkon Nordmann (norrønt Hákon norrœni). Han vart gift med Ragnhild (f. ca. 1083), dotter av kong Erik Eiegod. Dei fekk sonen Erik Lam (ca. 1120-1146), som var dansk konge i tida 1137-1146. Kong Erik 3. Lam abdiserte i 1146 på grunn av sjukdom og døydde same året.[6]
Ei anna dotter var Ragnhild (ca. 1063-1105) og ho vart gift med Pål Torfinnsson Orknøyjarl (1049-1099), son til Torfinn Sigurdsson jarl. Dette giftarmålet vart truleg avtala etter sjøferda i 1075 til England. Sonen deira var Håkon Pålsson Orknøyjarl (d. ca. 1123).
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.