Gunnhild Øyehaug
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Gunnhild Øyehaug (fødd 9. januar 1975) er ein norsk forfattar. Ho vart fødd i Volda og voks opp i Ørsta. Øyehaug skriv på nynorsk. Ho underviser ved Skrivekunst-akademiet i Hordaland.[1]
Gunnhild Øyehaug | |
Nasjonalitet | Norsk |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 9. januar 1975 (49 år) Volda |
Yrke | Lærar |
Periode | 1998- |
Debut | Slaven av blåbæret |
Gunnhild Øyehaug på Commons |
Gunnhild Øyehaug har hovudfag i litteraturvitskap og ho er tilsett som lærar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland. Ho har vore med i redaksjonen for tidsskriftet Vagant, og frå 2005 til 2009 redigerte ho tidsskriftet Kraftsentrum saman med Olaug Nilssen. Ho debuterte i 1998 med diktsamlinga Slaven av blåbæret. I 2004 vart novellesamling Knutar nominert til Brageprisen. I 2005 vart ho plukka ut av Bjørnsonfestivalens kunstnariske råd til å representere Noreg i det internasjonale festivalsamarbeidet Scritture Giovani. Ho vart i 2006 tildelt Bjørnsonstipendet, og i 2007 fekk ho Tanums Kvinnestipend.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.