dansk songar From Wikipedia, the free encyclopedia
Grethe Ingmann (17. juni 1938–18. august 1990) var ein dansk songar og musikar innan pop og jazz. Saman med ektemannen Jørgen Ingmann vann ho Eurovision Song Contest i 1963 med songen «Dansevise», ei bragd ingen danske klarte å gjenta før Olsen Brothers vann i 2000 med «Fly on the Wings of Love».
Grethe Ingmann | |||
| |||
Fødd | 17. juni 1938 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | København | ||
Død | 18. august 1990 (52 år) | ||
Dødsstad | Frederikssund | ||
Fødenamn | Grethe Clemmensen | ||
Opphav | Kongeriket Danmark | ||
Aktiv | 1963–1990 | ||
Sjanger | pop | ||
Instrument | vokal | ||
Verka som | songar | ||
Gift med | Jørgen Ingmann |
Ingmann vart oppdaga allereie som 17-åring, og kort etter vart ho saman med jazzgitaristen Jørgen Ingmann, som ho gifta seg med i 1956. Dei to skapte seg snart eit namn i Skandinavia. Mannen hennar vart også internasjonalt kjend for instrumentalen «Apache», medan Grethe Ingmann sjølv kom inn på dei tyske hitlistene med songen «Hello Boy» i 1963.[1][2][3] I midten av 1960-åra deltok ho på fleire tyske songfestivalar, men utanom «King of Soho» fekk ho ikkje noko større gjennombrot i nabolandet.[4][5]
Ein av songane Ingmann framførte på desse festspela var «Der Sommerwind» (tekst: Hans Bradtke, musikk: Henry Mayer), som gjorde liten suksess då ho gav han ut på tysk og dansk, men i 1966 vart han ein verdshit for Frank Sinatra med engelsk tekst av Johnny Mercer.[6]
I midten av 1970-åra havarerte ekteskapet med Jørgen, og det enda med at dei gjekk frå kvarandre. Etter dette deltok ho fleire gongar i Dansk Melodi Grand Prix, men ho vart ikkje vald ut til å representere landet i den internasjonale finalen. I 1980-åra heldt ho fram med arbeidet innanfor underhaldningsbransjen og fann tilbake til Jørgen, før ho i slutten av 1980-åra fekk kreft, som ho også døydde av i 1990.[7]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.