From Wikipedia, the free encyclopedia
«Fly on the Wings of Love» ('fly på kjærleikens venger'), også kjend som «Smuk som et stjerneskud», er ein dansk popsong som vann Eurovision Song Contest 2000 for Danmark. Songen vart framført av duoen Olsen Brothers og var komponert av Jørgen Olsen, ein av dei to medlemmane i gruppa. Sigeren var den andre Danmark hadde hatt i Eurovision Song Contest, og sigeren kom overraskande på både veddemålsbyrå og ekspertar.[1] Likevel vart songen og det påfølgjande albumet til gruppa store suksesser over heile Europa. I Noreg nådde «Fly on the Wings of Love» ein femteplass på VG-lista, mens albumet Wings of Love toppa VG-lista seks veker på rad.[2][3]
«Fly on the Wings of Love» «Smuk som et stjerneskud» Song av Olsen Brothers | ||
Land | Danmark | |
Språk | Engelsk / Dansk | |
Utgjeve | 2000 | |
Sjanger | Pop | |
Lengd | 03:05 | |
Selskap | EMI | |
Komponist | Jørgen Olsen | |
Tekstforfattar | Jørgen Olsen | |
Låtskrivar(ar) | Jørgen Olsen | |
---|---|---|
Brørne Olsen, beståande av brørne Jørgen og Niels «Noller» Olsen, hadde ein lang musikalsk karriere bak seg i Danmark då dei deltok Dansk Melodi Grand Prix i 2000. Med songen «Smuk som et stjerneskud» vann dei ein overlegen siger i den danske finalen i København 19. februar. Songen ble dimed det danske bidraget til Eurovision Song Contest i Stockholm laurdag 13. mai same år.[4]
I forkant av den internasjonale finalen endra brørne namn til Olsen Brothers, og songen vart omsett til engelsk med tittelen «Fly on the Wings of Love». Songen var det 14. bidraget på scena av 24 bidrag, og dei to brørne stilte på scena med kvar sin gitar og fire støttevokalistar. Under framføringa var det ekstatisk stemning i Globen, og dei to brørne vart så overvelda av den varme responsen frå salen at dei smilte og lo fleire gongar under framføringa.[5]
I finalefeltet stilte ei rekkje land med unge artistar og tidsriktige låter, og Danmark var ikkje sett på som ein muleg vinner før finalen. Men under avrøystinga tok Danmark leiinga frå start og vann til slutt klart med 195 poeng – 40 poeng framfor Russland på andreplass. «Fly on the Wings of Love» fekk 12 poeng frå åtte land og 10 poeng frå sju land. Norske TV-sjåarar gav 10 poeng til Danmark.[6]
Den uventa sigeren førte til stor jubel i Danmark, som ikkje hadde vunne Eurovision Song Contest sidan 1963 med «Dansevise». Songen vart også ein større kommersiell suksess enn vinnarlåtane åra før, og i Sverige selde singelen til platina.[7] I Noreg låg songen fire veker på VG-lista med ein femteplass som høgaste plassering. Også albumet Wings of Love selde bra og toppa VG-lista i seks veker.[8]
Sølvvinnaren Russland prøvde å få det danske bidraget diska, sidan Danmark hadde brukt ein vocoder under delar av sin framføring. Vocoderen «smelta» samen stemma til Jørgen Olsen med gitaren og skapa ein slags forvrengt stemme-effekt. Men EBU avviste den russiske protesten.[1]
Songen var også ein av fjorten tidlegare Eurovision-låter som deltok i jubileumsshowet Congratulations: 50 Years of the Eurovision Song Contest i København i 2005. I tevlinga vart «Fly on the Wings of Love» kåra til den sjette beste songen frå dei fyrste 50 åra av Eurovision Song Contest.
Fleire eurodance-grupper har laga eigne versjonar av «Fly on the Wings of Love».
Liste (2000) | Høgaste plassering |
Veker på lista |
Debutdato |
---|---|---|---|
Austerrike (Ö3 Austria Top 40)[14] | 11 | 11 | 11. juni 2000 |
Belgia Flandern (Ultratop)[15] | 16 | 9 | 27. mai 2000 |
Danmark (Tjeklisten)[16] | 1 | 11 | Uke 21 2000 |
Nederland (Single Top 100)[17] | 45 | 6 | 3. juni 2000 |
Noreg (VG-lista)[2] | 5 | 7 | Uke 22 2000 |
Storbritannia (UK Singles Chart)[18] | 160 | 2 | 10. juni 2000 |
Sveits (Schweizer Hitparade)[19] | 17 | 14 | 4. juni 2000 |
Sverige (Sverigetopplistan)[20] | 1 | 17 | 25. mai 2000 |
Tyskland (Offizielle Deutsche Chart)[21] | 7 | 16 | 29. mai 2000 |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.