From Wikipedia, the free encyclopedia
Grenland er eit område i Noreg som i moderne tid utgjer den søraustlege delen av Telemark fylke. Definisjonen av Grenland har variert over tid.
Grenland omfattar ein del av kommunane i Nedre Telemark, det som frå 1662 var Nedre Tellemarkens og Bamble fogderi i Bratsberg amt. Bratsberg amt skifte 1. januar 1919 namn til Telemark fylke. Det er allmenn semje om at desse fire kommunane ligg i Grenland:
Store norske leksikon[1] reknar òg 9. Nome til Grenland. Andre (jamfør dansk Wikipedia[2]), reknar – truleg meir presist – berre dei delane av Nome kommune som før 1. januar 1964 utgjorde kommunen Holla, som ein del av Grenland. Atter andre reknar òg 6. Kragerø og 3. Drangedal til Grenland – jamfør Wikipedia på bokmål[3]. I samband med Grenlandssamarbeidet[4] omfattar Grenland desse seks kommunane:
Opphavleg var Grenland truleg namnet på stroka kring Norsjø i Nedre Telemark, men ikkje identisk med Grenafylke, seinare kalla Skíðusýsla eller Skienssyssel, som også omfatta kystbygdene.
Namnet Grenland, på norrønt Grenland og Grœnland, tyder 'landet til grenene'. Grener (norrønt grœnir) er eit gamal folkenamn. På norrønt fanst adjektivet grenskr 'som er frå Grenland', jamfør Haraldr Grenski 'Harald Grenske' (fødd mellom 952 og 957, død 995), far til Heilag-Olav. I dag heiter det helst grenlandsk. Leden gren- finst òg i Grenmarr / Grænmarr, det norrøne namnet på Langesundsfjorden, i motsetnad til Vestmarr "strandi frå Langesundsfjorden til Agder".[5]
Det tradisjonelle norske talemålet i Grenland er grenlandsmålet. Grenlandsmålet blir oftast rekna som ei undergruppe av dei vikværske dialektane (dialektane i Vika), som er søraustlandske, men står likevel på grensa mellom austnorske og vestnorske dialektar.
Opplæringsspråka i Drangedal og Nome er nynorsk og bokmål, i dei andre kommunane berre bokmål.
Som listene nedanfor viser, er namnet Grenland populært i namn på institusjonar og rørsler av alle slag.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.