Stathelle

From Wikipedia, the free encyclopedia

Stathelle

Stathelle er ein av to byar i Bamble kommune i Telemark. Byen ligg på nordenden av Langesundshalvøya, der Langesundsfjorden, Frierfjorden og Eidangerfjorden møtest. Byen var tidlegare ein ladestad under Skien, og eigen kommune til 1964 då han vart ein del av Bamble kommune. Via Breviksbrua (gamle E 18, no Fv 353) og Grenlandsbrua (nye E18) har Stathelle vegsamband øver Breviksstrømmen med Porsgrunn kommune. Frå år 2000 er både Stathelle og Langesund, den andre byen i kommunen, innrekna i den samanvaksne tettstaden Porsgrunn/Skien.

Thumb
Strandgata i gamle Stathelle
Thumb
Stathelle kyrkje frå 1964
Thumb
Stathelle til venstre og Brevik til høgre
Kjappe fakta Land, Fylke ...
Stathelle
stad
Thumb
Stathelle frå Breviksbrua
Land  Noreg
Fylke Telemark
Kommune Bamble
Postnummer 3960 STATHELLE
Ferdselsårer Stathelle 352 353 353
Thumb
Stathelle
59.045277777778°N 9.6969444444444°E / 59.045277777778; 9.6969444444444
Wikimedia Commons: Stathelle
Lukk

«Gamle Stathelle» er eit pittoresk område med tronge gater. Kommersiell sørvis er i dag samla ved «Brotorvet kjøpesenter» ved Breviksbruas søre feste, straks vest for det gamle byområdet. På Rugtvedt på vestsida av Høgenheifjellet er det eit steinaldermonument.

Offentlege institusjonar

På Grasmyr i søre Stathelle finn ein Bamble videregående skole og Bamble ungdomsskole, og tidlegare vart Croftholmen videregående skole for yrkesfag på Gjermundsholmen like ved gamle Stathelle. Bamble kommunes bibliotek ligg på Krabberødstrand like vest for Breviksbrua.

Historie

Stathelle fekk i 1774 rettar som ladestad under Skien. Ti år seinare skreiv B. H. Løvenskiold at her budde to kjøpmenn, ein tollbetjent og to roarar. Grensene til ladestaden var snevre, og allereie på slutten av 1800-talet var det etablert forstader i vest (Krabberødstrand) og sør (Eikstrand-Eikrønningen) som til saman var om lag like folkerike som sjølve bykommunen.

Stathelle var eigen kommune fram til 1964 då han blei ein del av Bamble.

Meir informasjon Folketalsutvikling på Stathelle ...
Folketalsutvikling på Stathelle
År Innbyggjarar
1801
 
215
1865
 
501
1875
 
453 + 169
1890
 
373 + 305
1900
 
499 + 369
1910
 
484 + 393
1920
 
578 + 561
1930
 
601 + 641
1946
 
720 + 641
1950
 
749 + 691
1960
 
738 + 685
1970
 
2 865
1980
 
4 529
1990
 
5 702
2000
 
6 116
2010
 
6 303
Kjelder: SSB: Norske folketeljingar SSB: Folkemengd per grunnkrins
  • Tala 1865 viser til Stathelle ladested
  • Tala 1875 viser til Stathelle ladested + forstaden Eikstrand i Bamble herad
  • Tala 1890-1960 viser til Stathelle ladested + forstadene Eikstrand og Krabberød i Bamble herad
  • Tala 1970-1990 viser til Stathelle tettstad
  • Tala f.o.m. 2000 viser til Stathelles del av Porsgrunn/Skien tettstad, berekna på grunnkrinsinndelinga
Lukk

Kjelder

  • Denne artikkelen byggjer på «Stathelle» henta frå Wikipedia på bokmål 18. april 2007.


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.