Remove ads

Gnagarar (latin Rodentia) er ein orden av pattedyr som er særprega ved dei to kraftige fortennene i overkjeven. Tidlegare rekna ein òg haredyra til gnagarane under overordenen Glires, men ein har gått bort frå dette synet i nyare tid.

Kjappe fakta
Gnagarar
Thumb
Ekorn (Scirius vulgaris)
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Ryggradsdyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Gnagarar Rodentia
Bowdich, 1821
Lukk

Til gruppa høyrer omkring 1 500 beskrivne artar fordelt på 30 familiar. I Noreg førekjem 18 artar.

Kjenneteikn

Gnagarane sitt fremste kjenneteikn er framtennene deira, som er tilpassa gnaging og veks heile livet. Hjå brunrotte Rattus norvegicus veks dei så mykje som 2,7 mm i veka. Dei er dekt med hard emalje berre på framsida, så når dei vert brukt får dei ein kvass egg som gjer dei til effektive gnagereiskapar. Ulike grupper nyttar dei til ulike føremål. Mønsteret i emaljen kan vera nyttig når ein skal bestemma artar.

Dyra i gruppa er kompakt bygde og har oftast korte bein. Dei er sålegjengarar og er elles særs varierte i kroppsbygging; særleg halen. Berre i Noreg er spennet breitt; artar som bever, ekorn, dei ulike rottene og lemenet har vidt ulike former på halen sin.

Den største gnagaren i verda i dag er flodsvinet, som kan vega over 60 kg og lever i våtmarker i Sør-Amerika. Dei langt fleste gnagarar er likevel smågnagarar som oftast veg mindre enn 100 gram.

Remove ads

Inndeling

Thumb
Afrikansk pygmemus er rekna som ein av dei to minste gnagarane.
Thumb
Dvergmus er rekna som ein av dei to minste gnagarane, og er blitt observert i Noreg.
Thumb
Bever er den største gnagaren som lever naturleg i Noreg.
Thumb
Flodsvin er den største nolevande gnagaren i verda.

Inndelinga under følgjer Animal Diversity Web,[1] med nokre tillegg etter Handbook of the Mammals of the World (2017). [2]

Treliste
  • Orden: Rodentia, gnagarar
    • Underorden: Anomaluromorpha, springharegruppa
      • Familie: Anomaluridae, skjelekornfamilien, lurvehaleekornfamilien
      • Familie: Pedetidae, springharefamilien
    • Underorden: Castorimorpha, bevergruppa
      • Familie: Castoridae, beverfamilien
      • Familie: Geomyidae, kinnposerottefamilien
      • Familie: Heteromyidae, kengururottefamilien
    • Underorden: Hystricomorpha, marsvingruppa
      • Infraorden: Ctenodactylomorphi, kamfingerrottelignende gnagarar
        • Familie: Ctenodactylidae, kamfingerrottefamilien
      • Infraorden: Hystricognathi
        • Parvorden: Phiomorpha
          • Familie: Hystricidae, holepiggsvinfamilien
          • Familie: Petromuridae, klipperottefamilien
          • Familie: Thryonomyidae, sumprottefamilien
          • Parvorden: Bathyergomorpha, sandgravarliknande gnagarar
            • Familie: Bathyergidae, sandgravarfamilien
        • Parvorden: Caviomorpha, marsvinliknande gnagarar
          • Overfamilie: Erethizontoidea, trepiggsvingruppa
          • Overfamilie: Cavioidea
            • Familie: Dasyproctidae, agutifamilien
            • Familie: Cuniculidae, pakafamilien
            • Familie: Dinomyidae, pakaranafamilien
            • Familie: Caviidae, marsvinfamilien
          • Overfamilie: Octodontoidea, trompetrottegruppa
            • Familie: Octodontidae, trompetrottefamilien
            • Familie: Ctenomyidae, kamrottefamilien
            • Familie: Echimyidae, piggrottefamilien, tornerottefamilien
            • Familie: Myocastoridae, sumpbeverfamilien
            • Familie: Capromyidae, beverrottefamilien
          • Overfamilie: Chinchilloidea, chinchillagruppa
            • Familie: Chinchillidae, chinchillafamilien
            • Familie: Abrocomidae, haremusfamilien
    • Underorden: Myomorpha, museliknande gnagarar
      • Overfamilie: Dipodoidea, hoppemusgruppa
        • Familie: Sminthidae, bjørkemusfamilien
        • Familie: Zapodidae
        • Familie: Dipodidae, hoppemusfamilien
      • Overfamilie: Muroidea, musegruppa
        • Familie: Calomyscidae
        • Familie: Cricetidae, hamsterfamilien
        • Familie: Muridae, musefamilien
        • Familie: Nesomyidae
        • Familie: Platacanthomyidae
        • Familie: Spalacidae, moldvarprotter
    • Underorden: Sciuromorpha, ekorngruppa
      • Familie: Aplodontidae, beverekornfamilien
      • Familie: Gliridae, sjusovarfamilien
      • Familie: Sciuridae, ekornfamilien
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.

Remove ads