pattedyrfamilie From Wikipedia, the free encyclopedia
Trepiggsvin er ein familie av gnagarar som høyrer heime i Amerika. Dei er klatrande dyr med børsteforma eller piggforma hår som gjer at dei liknar på piggsvin. Familien omfattar 17 artar fordelt på tre eller fire slekter.[1]
Trepiggsvin | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Gnagarar Rodentia |
Underorden: | Hystricognatha |
Infraorden: | Hystricognathi |
Familie: | Trepiggsvin Erethizontidae Bonaparte, 1845 |
Arten børstetrepiggsvin blir somme gonger rekna til familien piggrotter.
Det minste trepiggsvinet er coendu, med ei kroppslengd på rundt 30 cm og ei vekt på rundt 900 gram. Nordamerikansk trepiggsvin er det største på rundt 80 cm og 12 kg. Dei har nokså små auge og ein noko firkantforma snute. Føtene er korte og fotsolane breie. Dei har lange, sterke klør, som sikrar grep på greiner og trestammer. Bortsett frå nordamerikansk trepiggsvin har alle artar ein gripehale der den ytste delen er naken utan piggar. Gripehalen er muskuløs, og så sterk at dyret kan henga etter han frå ei grein. Halen bøyer seg oppover og ikkje innover, og dyra nytter oversida til å gripa med.[1]
Dyra har modifisert hår som dannar piggar. Det er tre ulike piggtypar: Forsvarspiggar med mothaker, som særleg sit bak på ryggen over halen, og opptrer hjå alle artar unntatt Chaetomys subspinosus, lengre, tynnare piggar med bøyeleg tipp, og hjå C. subspinosus ein lang, bøyeleg pigg utan skarp spiss. Når dyra vil forsvara seg rettar dei piggane opp og ut. Dette kan også vera ei synleg åtvaring til rovdyr.[1]
Trepiggsvina er nattaktive for å unngå rovdyr, og gøymer seg vekk om dagen. Dei lever hovudsakleg av plantekost, som blad, nåler, bork, frø, frukt, bær, blomar og i nokre høve gras. Nokre artar et også insekt og små krypdyr av og til. Dei bruker store delar av døgnet på å kvila og fordøya føda.[1] For alle artane er lyd, lukt og rørsle viktigare sansar enn synet.[1]
Hodyra får som regel berre ein unge i kullet, og fostertida og dietida kan til saman vara i nær eitt år. Ungen kan ta opptil 4 år på å bli vaksen. Han blir likevel fødd med evne til å sjå og kan klatra forsvara seg ganske tidleg, slik at ungane har låg døyelegheit.[1]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.