Ekorn

pattedyrart From Wikipedia, the free encyclopedia

Ekorn

Raudt ekorn, eller berre ekorn, ikorn eller trebjørn, er ein gnagar i ekornfamilien, og er eit trelevande dyr med stor hårete hale. Det lever på nøtter, røter, frø og knoppar, men kan òg ta egg og fugleungar i hekkesesongen. Mellom dei naturlege fiendane til ekornet kan me nemna måren.

Kjappe fakta
Ekorn
Thumb
Ekorn
Utbreiing og status
Status i verda: Livskraftig
Status i Noreg: Livskraftig[1]Thumb
Utbreiinga av ekorn
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Gnagarar Rodentia
Familie: Ekornfamilien Sciuridae
Slekt: Sciurus
Art: Ekorn S. vulgaris
Vitskapleg namn
Sciurus vulgaris
Lukk

Skildring

Ekornet kan variere i vekt frå 200 til 400 gram. Totallengda er 3943 cm. Halen er 1719 cm lang og buskete. Framføtene på ekornet er om lag 3,5 cm lange og om lag 11,5 cm breie, bakføtene er om lag 5,5 cm lange og om lag 22,5 cm breie.

Ekorn kan bli 10 til 15 år gamle. Dei er utbreidde i alle skogstrøk i landet.[2]

Vinterpels

Thumb
Ekorn i snøen i Finland.

Vinterpelsen er meir gråaktig. Denne har vore nytta som pelsverk under namnet «gråverk». Pelsskiftet om våren tek til i april, først på buken, så over sidene og opp på ryggen. I mai er sommarpelsen ferdig, men hårduskane på øyra og pelsen på halsen blir ikkje skift før i juni.

Forplanting

Etter paringa ber ekornet foster i firefem veker. Vanleg fødetid er februarmai. Av og til kan ekornet få to kull. Det andre kullet kjem oftast i juliaugust. Ekornet får tresju ungar i kullet. Ungane er utan hår, og auga opna seg ikkje før det er gått ti døgn.

Ungane syg mora i 2732 døgn. Blir mora forstyrra når ho har ungar i reiret, flytter ho dei med ein gong til eit av reservereira.

Utbreiing

Ekornet trivst best i granskog og er eit typisk dagdyr. Her finn det nøtter, frø og røter som er den vanlegaste maten. Om sommaren kan ekornet ta både fugleegg og ungar. Sjølv kan det lett bli eit bytte for måren.

Om vinteren ligg det ofte i ro døgnet rundt, men om våren vaknar det til liv og hoppar frå tre til tre på jakt etter mat.

Artsstatus

Det raude ekornet er verna i store delar av Europa, og var klassifisert som Near Threatened, nesten truga, på den internasjonale raudlista, i 2002, men vert per 2010 ikkje lenger rekna som truga i global målestokk. Nokre stader finst det store bestandar som ein kan driva jakt på for skinnet. Andre stader er dyret i sterk tilbakegang. Dette gjeld særleg Storbritannia, der det raude ekornet forsvinn til fordel for det innførte gråekornet frå Nord-Amerika. Gråekornet utkonkurrerer det raude ekornet av ulike grunnar, mellom anna ved at det er betre tilpassa naturmiljøet i England og ved at det ber eit parapoxvirus som ikkje skadar det, men som drep raude ekorn.

Det er i dag under 200 000 individ av raudekorn igjen i Storbritannia, og opptil 3/4 av desse held til i Skottland, der barskogen gjev dei betre livsgrunnlag. Ein fryktar at det same kan skje i fastlandseuropa om gråekorna spreier seg dit. To par gråekorn som rømde i italienske Piemonte i 1948 har allereie ført til nedgang av raude ekorn i dette området.

Sjå au

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.