From Wikipedia, the free encyclopedia
«From Here to Eternity» er ein song av det engelske heavy metal-bandet Iron Maiden, gjeven ut som den andre singelen frå albumet Fear of the Dark frå 1992.[1]
From Here to Eternity av Iron Maiden frå albumet Fear of the Dark | ||
B-side |
«I Can't See My Feelings» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 29. juni 1992 | |
Innspelt | 1992 | |
Sjanger | Heavy metal | |
Lengd | 3:37 | |
Selskap | EMI | |
Låtskrivar(ar) | Steve Harris | |
Iron Maiden-kronologi | ||
«Be Quick or Be Dead» (1992) |
From Here to Eternity | «Wasting Love» (1992)
|
Songen er den fjerde og nyaste songen i soga om «Charlotte the Harlot» (dei andre songane er «Charlotte the Harlot,» «22 Acacia Avenue» og «Hooks in You», og sistnemnde har blitt diskutert blant fansen sidan han ikkje faktisk nemner «Charlotte», berre «the keys to a view at number 22»). Songen fortel soga om Charlotte som dreg på ein lagnadstung motorsykkeltur med djevelen.
Dette er den først studiosingelen utan Eddie på singelomslaget, og den andre totalt, etter konsertversjonen av «Running Free». I staden vart det nytta eit bilete frå musikkvideoen til songen. Omslaget til den 7" etsa plata er omslaget folk flest knyter til singelen, sjølv om 12"-versjonen har eit heilt anna bilete. CD Maxi-versjonen nytta same omslaget som 7"-versjonen, men eit anna bilete frå videoen vart nytta på omslaget til den nederlandske versjonen.[2]
Singelen kom ut på fleire format: 7" etsa plate med spor på eine sida og eit etsa bilete på de andre,[3] 7" biletplate,[4] 12" med utbrettbart omslag[5] og ein CD-singel.[6]
Singelen nådde 21. plassen på den britiske singellista.
«Roll Over Vic Vella» er ein versjon av Chuck Berry-songen «Roll Over Beethoven» med ein talt intro og avslutning av den langvarige scenearbeidaren og venen til Iron Maiden, Vic Vella som snakkar med Steve Harris. «I Can't See My Feelings» er ein versjon av ein song av det walisiske bandet Budgie frå albumet Bandolier frå 1975. Konsertversjonane av «Public Enema No One» og «No Prayer for the Dying» på desse singlane er dei einaste konsertversjonane av desse som er gjevne ut på Iron Maiden-plater.
Liste (1992) | Plassering |
---|---|
Irish Singles Chart[7] | 27 |
UK Singles Chart[8] | 21 |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.