Frekvens er eit mål på kor mange gongar per tidseining ei periodisk hending vert gjenteken. Som oftast meiner ein temporal frekvens, men ikkje alltid. Det kan til dømes vera talet på regndropar per sekund, talet på bilar per time, talet på periodar i ei bølgje per sekund, og så vidare. Ei slik bølgje kan like gjerne vera ei firkantbølgje, trekantbølgje og så vidare, som ei sinusbølgje, som illustrert i Fig. 1. Eit typisk døme på ei (tilnærma) firkantkurve er klokkesignalet i ein mikroprosessor. Frekvens spelar ein sentral rolle innan fysikk, signalhandsaming, telekommunikasjon, akustikk, elektronikk og så bortetter.

Thumb
Fig. 1 Ulike kurveformer.
1. Sinuskurve
2. Firkantkurve
3. Triangulær kurve
4. Sagtannkurve.

Temporal frekvens

Thumb
Fig. 2 Sinus og firkantkurver.

Temporal frekvens er talet på periodar per tidseining sekund. Dette gjeld uavhengig av kurveforma, som illustrert i Fig. 1. Samanhengen mellom frekvens og periodetid er:

der T er perioden, målt i sekund. Frekvens har einga (invers av sekund), som har fått nemninga Hertz, forkorta til Hz, og periodelengda T har eining sekund.

Frekvensen kan òg gjevast som vinkelfrekvens, i rad/s:

.

Spatial frekvens

Thumb
Fig. 3 Periodisk bilete.
Thumb
Fig. 4 Periodisitet langs tre aksar.

Spatial frekvens syner til talet på periodar i ei flate, eller i rommet. For todimensjonale rom, som bilete, får ein då dei to spatiale frekvensane

og

,

det og er dei spatiale periodane langs x- respektivt y-aksen. Eininga for spatial frekvens er (inverse av meter). Fig. 3 syner eit døme på eit bilete som er periodisk både i x- og y-retning. Tredimensjonale objekt kan vera periodiske langs tre aksar, som illustrert i Fig. 4. Ein får då tre spatiale frekvensar, som kan vera like eller ulike.

Sjå òg


Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.