From Wikipedia, the free encyclopedia
Fosen er ein region og eit tidlegare futedøme i Trøndelag som omfattar dei ytste kommunane på båe sidene av Trondheimsfjorden og heile Fosenhalvøya. Fosen utgjorde i høgmellomalderen den nordlege halvparten av Norðmǿrafylki, men vart seinare delt av som eige futedøme under namnet Fosens fogderi.
Dei fleste stadene i Fosen snakkar folk fosendialekt, som saman med dialekten i Ytre Namdalen og nordmørsdialekten utgjer dei uttrøndske dialektane. Unnatak frå denne hovudregelen er først og fremst Hemne, der ein i det meste av kommunen talar nordmørsdialekt, og Rissa og dei søraustlegaste delane av Snillfjord og Hemne kommunar, der ein talar overgangsmål til inntrøndske dialektar.
I dei seinare åra har dei av kommunane på Fosen som ligg på Fosenhalvøya inngått eit regionalt kommunesamarbeid med to kommunar på Innherad og definerer seg som regionen Fosen.
Opprydding: Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. |
Regionen Sør-Fosen omfattar Frøya, Hitra, Snillfjord (...)
Til Orkdalsregionen blir, saman med Meldal, Orkdal og Skaun, fosenkommunane Agdenes, Hemne og Snillfjord medrekna.[1]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.