Futedømme

From Wikipedia, the free encyclopedia

Eit futedømme (eller -døme, bokmål fogderi) er ei historisk nemning for eit distrikt som blei styrt av ein fut (fogd).

I Noreg var amta frå 1660 delt inn i fleire futedømme. I 1660 var det 55 futedømme, men i 1700 var talet redusert til 38. Då futedømma vart oppheva 21. juli 1894 var det 56 av dei. Futedømma var delte inn i herad.

Sjølv om futedømma forlengst er borte, lever denne inndelinga vidare som ei meir eller mindre veldefinert inndeling av Noreg i form av distrikt. Grensene for dei gamle futedømma er i nokre tilfelle samanfallande med dagens grenser for prosti eller tingrettdistrikt.

Dei truleg mest kjende futedømma i Noreg er dei tre futedømma som utgjer Møre og Romsdal fylke Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Striden mellom desse i ymse lokalpolitiske saker er kjende som fogderistriden.

Futedømme i Noreg

Denne lista gir inndelinga slik den var på slutten av 1800-talet.

Akershus amt

  • Aker og Follos fogderi
  • Nedre Romerikes fogderi
  • Øvre Romerikes fogderi

Bratsbergs amt

  • Bamble fogderi
  • Nedre Telemarkens fogderi
  • Øvre Telemarkens fogderi

Buskeruds amt

  • Buskeruds fogderi
  • Hallingdalens fogderi
  • Numedal og Sandsværs fogderi
  • Ringerikes fogderi

Finmarkens amt

  • Altens fogderi
  • Hammerfests fogderi
  • Tanens fogderi
  • Varangers fogderi
  • Vardø fogderi

Hedemarkens amt

  • Hedemarkens fogderi
  • Nordre Østerdalens fogderi
  • Solørs fogderi
  • Søndre Østerdalens fogderi
  • Vinger og Odalens fogderi

Jarlsberg og Larviks amt

  • Jarlsbergs fogderi
  • Larviks fogderi

Kristians amt

  • Hadeland og Lands fogderi
  • Nordre Gudbrandsdalens fogderi
  • Søndre Gudbrandsdalens fogderi
  • Totens fogderi
  • Valdres fogderi

Lister og Mandals amt

  • Lister fogderi
  • Mandals fogderi

Nedenes amt

  • Nedenæs fogderi
  • Raabygdelagets fogderi

Nordlands amt

  • Nordre Helgelands fogderi
  • Salten fogderi
  • Søndre Helgelands fogderi
  • Vesteraalens og Lofotens fogderi

Nordre Bergenhus amt

  • Nordfjords fogderi
  • Søndfjord fogderi
  • Sogns fogderi

Nordre Trondhjems amt

  • Inderøens fogderi
  • Namdalens fogderi
  • Stjør- og Værdalens fogderi

Romsdals amt

Smaalenenes amt

  • Idde og Markers fogderi
  • Moss fogderi
  • Rakkestads fogderi

Stavanger amt

  • Jæderen og Dalernes fogderi
  • Ryfylke fogderi

Søndre Bergenhus amt

  • Hardanger og Voss fogderi
  • Nordhordlands fogderi
  • Søndhordlands fogderi

Søndre Trondhjems amt

  • Fosens fogderi
  • Guldalens fogderi
  • Orkedalens fogderi
  • Strinden og Selbu fogderi

Tromsø amt

  • Senjen og Tromsø fogderi

Sjå òg

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.