Liberalerna (L, fram til 1990 berre Folkpartiet), er eit politisk parti i Sverige. Det vart grunnlagt i si noverande form i 1934, med røter i Frisinnade landsföreningen som vart grunnlagd i 1902. Partiet definerer liberalismen, og særleg sosialliberalismen som sin ideologi. Det er soleis eit systerparti av Venstre i Noreg, og medlem av Den liberale internasjonale. Partileiar er Nyamko Sabuni. Ved parlamentsvalet i 2022 gjekk Liberalerna inn i regjering saman med Moderata samlingspartiet og Kristdemokraterna, og Sverigedemokraterna som støtteparti.
Treng oppdatering |
Liberalerna | |||
| |||
Land | Sverige | ||
---|---|---|---|
Partileiar(ar) | Nyamko Sabuni[1] | ||
Grunnlagt | 5. august 1934 | ||
Medlemstal | 12 179 (2020)[2] | ||
Ideologi | liberalisme | ||
Politisk posisjon | sentrum-høgre |
Historie
Den siste statsministeren frå Folkpartiet var Ola Ullsten (1978–1979).
Ved parlamentsvalet i 2010, vart Folkpartiet det fjerde største partiet i Sverige, med 7,1 % av røystene og 24 representantar (av 349) i Riksdagen. Folkpartiet har sidan 2006 vore med i den svenske borgarlege koalisjonsregjeringa, saman med Moderata samlingspartiet, Centerpartiet og Kristdemokraterna.
Valresultat ved riksdagsvala fram til 2010
Partileiarar
- (Felix Hamrin og Ola Jeppsson 1934–1935)
- Gustaf Andersson, 1935–1944
- Bertil Ohlin, 1944–1967
- Sven Wedén, 1967–1969
- Gunnar Helén, 1969–1975
- Per Ahlmark, 1975–1978
- Ola Ullsten, 1978–1983
- Bengt Westerberg, 1983–1995
- Maria Leissner, 1995–1997
- Lars Leijonborg, 1997–2007
- Jan Björklund, 2007–2019
- Nyamko Sabuni, 2019-
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.