From Wikipedia, the free encyclopedia
I norsk samanheng betyr nemninga folkemål vanlegvis det faktisk tala språket til vanlege folk i bygd og by, det reelle fleirtalsmålet i landet, norsken slik han eigentleg er.
Bokmålet er eit bokmål, og ikkje eit folkemål, sjølv om radikalt bokmål kan seiast å liggje relativt nær folkemålet i den søraustlege delen av landet, dersom det blir skrive nokolunde konsekvent.
Mellom nynorskingane har det vore eit stort ordskifte mellom dei som står for folkemålslinja og dei som står for den nasjonale linja.
Den nasjonale linja har enkelt sagt gått på å gjenreise eit «reint» norsk mål, fritt for merke etter «koloniherrespråket» dansk og med klår samanheng til det norrøne skriftspråket. Denne linja fører i sin logiske konsekvens til ein sterk purisme i ordtilfanget, der ein prøver å lage nye ord som er «norskare» eller meir i samsvar med norrønt enn dei som faktisk blir bruka av folket. Likeeins til val av former som samsvarar mest mogleg med norrønt og den indre bygnaden i språket, sjølv om dei er lite utbreidde i folkeleg daglegtale. I Noreg er høgnorsk uttrykk for slik tenking. Islandsk og delvis færøysk er au normerte etter nasjonal tenking.
Folkemålslinja har i motsetning til dette gått på å fremje folket sitt eige mål, slik det blir bruka i daglegtalen, også med dei påverknader i ordtilfanget som kjem frå lågtysk og dansk. Tendensar til å sjå ned på talemåla fordi dei er påverka av dansk eller bokmålet tar folkemålstilhengarar avstand frå. For å sette det på spissen: Viss det hadde vore slik at folk flest faktisk hadde snakka dansk eller bokmål her i landet, så hadde det vore greitt at dei skreiv det au. Men slik er det ikkje, for vanleg bokmål representerer i røynda ein snever geografisk og sosial basis i høgare sosiale lag på Søraustlandet, og står sterkt berre på grunn av det kulturelle hegemoniet denne eliten har, ifølgje folkemålstilhengarane. Dei meiner at nynorsk er meir folkeleg enn bokmål fordi det har den grunnleggjande strukturen som mesta alle norske dialektar har, mellom anna med konsekvent trekjønnsordning.
Folkemålstilhengarar er ofte relativt positive til radikalt bokmål i tillegg til nynorsk, og til «eit samnorsk mål på folkemålets grunn». Men folkemålstanken skil seg frå den teknokratiske varianten av samnorskideen, som la vekt på effektivitetsgevinsten i å sameine dei to skriftmåla. For folkemålsmenneske er det alltid den sosiale frigjeringa som ligg i respekten for det faktisk tala målet til vanlege folk som er kjernen. I denne samanhengen også at skriftspråket skal byggje på dette faktiske talemålet.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.