From Wikipedia, the free encyclopedia
Flikkjempe (Plantago coronopus) er ein plante i kjempeslekta.[1]
Flikkjempe | |
Flikkjempe | |
Status | |
Status i Noreg: Sterkt truga | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Leppeblomordenen Lamiales |
Familie: | Kjempefamilien Plantaginaceae |
Slekt: | Kjempeslekta Plantago |
Art: | Flikkjempe P. coronopus |
Vitskapleg namn | |
Plantago coronopus |
Han er ein urteaktig plante med ein rosett av blad ved bakken. Han kan vera eittårig, toårig eller fleirårig.[2] Planten veks hovudsakleg på sand- eller grushaldig jord nær havet. Han kan også veksa nær saltbehandla vegar.[3]
Flikkjempe stammar frå Europa, Vest-og Sentral-Asia og Nord-Afrika. Han finst også som innført art i USA, Australia og New Zealand. Nokre av desse stadene kan han bli eit problem.[2] Han er observert nokre få gonger i Noreg, hovudsakleg på slutten av 1800-talet.[4] Arten var tidlegare rekna som ein framandart som var komen inn her og der med ballastjord,[5] men ein lokal førekomst ved Larvik, som vart funnen i 1993, gjer at arten truleg må reknast som heimleg.[6] Arten er derfor teken med på raudlista frå 2021 som sterkt truga (EN).[7]
Blada er smale og lanseforma med tenner eller takkar, og kan bli opptil 25 centimeter lange.
Blomestanden veks opprett og kan bli rundt 4-7 cm høg. Dei spisse blomane sit tett og bøyer seg av og til. Kvar blom har fire kvitlege flikar som er rundt ein millimeter lange.
Planten blir dyrka som ein grønsak kjend som erba stella[8] som hovudsakleg blir brukt i salat.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.