planteart From Wikipedia, the free encyclopedia
Fjellkurle (Chamorchis alpina) er ei plante i fjellkurleslekta Chamorchis i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1]
Fjellkurle | |||
Systematikk | |||
Rike: | Planteriket | ||
Klasse: | Einfrøblada | ||
Orden: | Aspargesordenen | ||
Familie: | Orkidéfamilien | ||
Slekt: | Chamorchis | ||
Art: | C. alpina | ||
Vitskapleg namn | |||
Chamorchis alpina
(Linné) Rich. | |||
Økologi | |||
Habitat: | kalkrikt fjellterreng | ||
Utbreiing: | nordlege Europa, Alpane. Karpatane | ||
Fjellkurle er ei lita plante, som berre blir om lag 10 centimeter høg. Planta har blomar i grønt eller brunt i eit lite aks, som kan minne om ei lita grønkurle. Ved bakken veks det ein krans av smale blad rett opp, slik at dei når opp til eller over blomane.
Fjellkurle er den einaste arten i slekta.[2]
Fjellkurle veks på kalkrik grunn i fjellet, gjerne på reinrosehei. Eit sørleg utbreiingsområde omfattar dei nordlege delane av Jotunheimen, Trollheimen og Dovrefjell nord til Snåsa. Lenger nord er planta meir vanleg, og veks frå Hattfjelldal til Varangerhalvøya.[3] Frå 2021 er ho komen med på Norsk raudliste for artar som nær truga (NT).[4]
Arten finst òg i Sverige (status LC, svensk namn dvärgyxne)[5] og i Finland (EN, finsk namn tunturiorho).[6]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.