Faisalabad
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Faisalabad (tidl. Lyallpur) er den tredje største byen i Pakistan, etter Karachi og Lahore. Byen ligg i provinsen Panjab, 110 km vest for Lahore. Han er eit knutepunkt for handel og samferdsel i eit stort jordbruksdistrikt, har eit landbruksuniversitet og fleire høgskular. Byen hadde 1 977 000 innbyggjarar i 1998.
فیصل آباد | |
---|---|
Det britiskbygde klokketårnet i Faisalabad | |
Styresmakter | |
Land |
Pakistan |
Grunnlagd | 1890 |
Geografi | |
Flatevidd | 1 269,094174 km² |
Innbyggjarar - By (1998) |
2,0 mill. |
Koordinatar | 31°21′52″N 72°59′40″E |
Høgd over havet | 184 m |
Tidssone | UTC+05:00 (UTC) |
Diverse anna | |
Telefon-retningsnummer | 041 |
Heimeside: http://www.faisalabad.gov.pk/ |
Faisalabad har ein allsidig industri med produksjon av mellom anna tekstilar, kunstfiber, kunstgjødsel, legemiddel, hermetikk, såpe og næringsmiddel som ghi (klarna smør). I landbruksområda rundt dyrkar ein bomull, kveite, frukt og grønsaker.
Faisalabad er eit knutepunkt for vegar og jernbane. Faisalabad internasjonale lufthamn ligg ei mil utanfor sentrum.
Byen blei grunnlagd av britane i 1890, med namnet Lyallpur etter Sir Charles James Lyall. I 1979 endra han namn til Faisalabad, etter kong Faisal av Saudi-Arabia.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.