Ewe
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ewe er eit kwaspråk som blir snakka i Ghana og Togo av omtrent tre million menneske [1]. Ewe er ein del av eit sprachbund av språk som også er i slekt, gbespråka, dei blir snakka i eit område frå aust i Ghana til vest i Nigeria. Andre gbespråk er mellom anna fon og aja. Ewe er, som andre gbespråk, eit tonespråk.
Ewe Ɛʋɛgbɛ | ||
Klassifisering | Niger-kongospråk Atlantisk-kongo Volta-kongo Kwa Gbe | |
Bruk | ||
Tala i | Ghana, Togo | |
Område | Dei søraustlege delane av Ghana, sørlege Togo | |
Ewetalande i alt | 2.5 millionar + 0,5 mill. som andrespråk | |
Skriftsystem | latinsk alfabet | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1 | ee | |
ISO 639-2 | ewe | |
ISO 639-3 | ewe | |
Ewe er eit av dei best dokumenterte språka i Afrika, delvis på grunn av arbeidet til Diedrich Hermann Westermann, som publiserte mange ordbøker og grammatikkar over Ewe og fleire andre Gbespråk. Andre lingvistar som har arbeidd med Ewe er m.a. Gilbert Ansre (tone, syntaks), Hounkpati B. Capo (fonologi, fonetikk), Herbert Stahlke (morfologi, tone), Roberto Pazzi (antropologi, leksikografi), Felix K. Ameka (semantikk, kognitiv lingvistikk) og Alan Stewart Duthie (semantik, fonetikk).
Bilabial | Labiodental | Alveolar | Retrofleks | Palatal | Velar | Labiovelar | Glottal | ||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Plosiv | p | b | t | d | ɖ | k | ɡ | k͡p | ɡ͡b | ||||||
Affrikat | ʦ | ʣ | |||||||||||||
Nasal | m | n | ɲ | ŋ | |||||||||||
Frikativ | ɸ | β | f | v | s | z | x | ɣ | h | ||||||
Approksimant | l | j | w |
Fremre | Bakre | |
---|---|---|
Lukka | i, ĩ | u, ũ |
Lukka midtre | e | o |
Open midtre | ɛ, ɛ̃ | ɔ, ɔ̃ |
Open | a, ã |
Ewe blir skrive med det latinske alfabetet, med en del ekstrabokstavar, nokre av dei er henta frå det internasjonale fonetiske alfabetet. Skriftspråket vart innført rundt 1900 av dei tyske kolonimaktene.
A a | B b | D d | Ɖ ɖ | Dz dz | E e | Ɛ ɛ | F f | Ƒ ƒ | G g | Gb gb | Ɣ ɣ |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
/a/ | /b/ | /d/ | /ɖ/ | /ʣ/ | /e/ | /ɛ/ | /f/ | /ɸ/ | /ɡ/ | /ɡ͡b/ | /ɣ/ |
H h | I i | K k | Kp kp | L l | M m | N n | Ny ny | Ŋ ŋ | O o | Ɔ ɔ | P p |
/h/ | /i/ | /k/ | /k͡p/ | /l/ | /m/ | /n/ | /ɲ/ | /ŋ/ | /o/ | /ɔ/ | /p/ |
R r | S s | T t | Ts ts | U u | V v | Ʋ ʋ | W w | X x | Y y | Z z | |
/l/ | /s/ | /t/ | /ʦ/ | /u/ | /v/ | /β/ | /w/ | /x/ | /j/ | /z/ |
Ein tilde (˜) over vokalar markerer nasalisering. Tone er vanlegvis umarkert, bortsett frå i visse vanlege tilfelle som treng disambiguering, t.d. er første person plural pronoun mí 'vi' markert høg for å skilje det frå andre person plural mi 'de', og andre person singular pronoun wò 'du' er markert låg for å skilje det frå tredje person plural pronoun wo 'dei'
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.