From Wikipedia, the free encyclopedia
Kwaspråka er ei språkgruppe som blir snakka i dei søraustre delane av Elfenbeinskysten, i Ghana, Togo og Benin, og det sørvestre hjørnet av Nigeria. Namnet vart danna i 1885 av Gottlob Krause og brukt av Westermann (1952) og Greenberg (1963). Det er avleidd av ordet for 'folk' i mange av kwa-språka, ord som inneheld rota kwa. Kwa-språka er ei grein av volta-kongospråk som igjen er ei gren av niger-kongospråk.
Kwaspråk | ||
Klassifisering: | Nigerkongo
| |
Vidare inndeling: |
| |
Tala i: | Elfenbenskysten Ghana Togo Benin Nigeria | |
Område: | Vest-Afrika | |
Talarar: | ca. 21 millionar | |
|
Bennett & Sterk (1977) har argumentert for at kwa opphavleg ikkje var ei gruppe av slektspråk, og dei gjer framlegg om å dele kwa-språka inn i tre grupper, jorubaspråk, igbospråk, medlemmar av benue-kongospråka, og dei «eigentlege» kwaspråka. Denne delmengda av kwaspråka blir no og då kalla for «nye kwa».
Kwaspråka kan delast inn i to grupper, nyo og vestbreiddespråk. Nyoguppa inneheld ca. 50 språk, framfor alt snakka i Ghana og sørlege Elfenbeinskysten, mellom anna akanspråka, ga-dangmespråka, anyi, baule, og potou-tanospråka (mellom anna guangspråk og logbaspråk).
Resten av kwaspråka blir kalla vestbreiddespråk fordi dei blir snakka på vestsida av Voltaelva i Ghana, Togo, Benin og sørvestre Nigeria. Av desse ca. 25 språka er gbespråka den største gruppa, med ca. 5 millionar talarar; andre språk er avatime, nyangbo-tafi og animere.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.