From Wikipedia, the free encyclopedia
Espen Andersen (fødd 28. oktober 1993) er ein norsk kombinertrennar, medlem i Lommedalens IL. Han vart olympisk meister med Noreg i lagtevlinga under Vinter-OL 2022. Tidlegare har han vunne sølv i same øvinga ved Vinter-OL 2018 og sølv i tomannsstafett i Ski-VM 2021.
Espen Andersen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 28. oktober 1993 (30 år) Bærum kommune |
Idrett | kombinert |
Andersen fekk sin verdscupdebut i Holmenkollen i mars 2013. Han vart individuell noregsmeister då Ski-NM 2016 vart avvikla i Molde. Under Ski-VM 2017 vart han nummer 10 og beste nordmann i tevlinga med hopp i storbakke. Saman med Jan Schmid, Jarl Magnus Riiber og Jørgen Graabak sikra han norsk sølvmedalje i lagtevlinga ved dei olympiske vinterleikane i Pyeongchang i 2018. I Ski-VM 2021 i Oberstdorf fekk Andersen ikkje plass i det norske mannskapet i lagtevlinga, derimot tok han og Jarl Magnus Riiber sølvmedaljen i tomannstafetten. Under Vinter-OL 2022 i Zhangjiakou gjekk han han den andre etappen då Noregs lag vart suveren vinnar av lagtevlinga, dei andre på laget var Espen Bjørnstad, Jens Oftebro og Jørgen Graabak.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.