italiensk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia
Enrico Albertosi (fødd 2. november 1939) er ein italiensk tidlegare fotballspelar. Målvakta vann VM-sølv i 1970 og EM-pokal 1968 for Italia. På klubbnivå hadde han suksess i både Fiorentina, Cagliari og Milan og vann pokalar i både cupvinnarcupen, Serie A og den italienske cupmeisterskapen.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Enrico Albertosi | ||
Fødd | 2. november 1939 (84 år) | ||
Fødestad | Pontremoli i Italia | ||
Høgd | 182 cm | ||
Posisjon | Målvakt | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar | (Mål) |
1958–1968 | Fiorentina | 185 | (0) |
1968–1974 | Cagliari | 177 | (0) |
1974–1980 | Milan | 170 | (0) |
1980–1982 | Elpidiense | 44 | (0) |
Totalt | 576 | (0) | |
Landslag | |||
1961–1974 | Italia | 34 | (0) |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga |
Albertosi spelte på AC Fiorentina i Serie A frå 1959 til 1968. Han vann cupvinnarcupen 1961, den aller fyrste i sitt slag, og to italienske cuptitlar med laget frå Firenze. Derimot vart det finaletap mot Atlético Madrid då Fiorentina og Albertosi i 1962 skulle forsvare sigeren i cupvinnarcupen. Perioden 1968-74 vakta han målet til US Cagliari, der han i 1970 var med den historiske sigeren i Serie A for laget frå Sardinia. Dei neste seks sesongane var AC Milan-spelar og var her med om å vinne den nasjonale cupen i 1977 og serien i 1979. I 1980, etter 532 kampar i Serie A, vart han utestengd frå fotballen år for å ha vore delaktig i Totonero-skandalen. Han avslutta 1982-84 med spel på Serie C-laget Elpidiense.
Albertosi fekk sin landslagsdebut i 1961 og var med i VM-troppa 1962 til Chile. Likevel måtte han vente til våren 1965 før han vakta Italias mål på nytt. Både under VM i fotball 1966 og i Mexico fire år seinare stod han mellom stengene i alle Italias kampar. I VM-finalen 1970 måtte han plukke ballen ut av målet fire gongar, Brasil vann 4-1 over Italia. Albertosi hadde over mange år stor konkurranse om landslagsplassen frå Dino Zoff. Sistnemnde var målvakt då Italia i 1968 vann EM-finalen på Stadio Olympico i Roma mot Sovjetunionen. Albertosi spelte sin 34. og siste landskamp i juni 1972. Der etter var Zoff fyrstevalet kva gjaldt målvaktsjobben for Italia, Albertosi vart såleis benkeslitar under VM i fotball 1974.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.