From Wikipedia, the free encyclopedia
ACF Fiorentina er ein fotballklubb frå Firenze i Italia. Klubben vart danna som Florentia Viola i 2002, etter at forgjengaren AC Fiorentina gjekk konkurs same året. ACF Fiorentina fekk sitt noverande namn i 2003 og reknar klubbhistoria tilbake til 1926, då AC Fiorentina vart stifta gjennom ei samanslåing av to lokale fotballag. Klubben er vide kjend for sine klubbfargar med lilla trøyer og bukser.
| ||||
Fullt namn | ACF Fiorentina SpA | |||
---|---|---|---|---|
Kallenamn | La Viola «Lilla» I Viola «Dei lilla» I Gigliati «Liljane» | |||
Grunnlagd | 29. august 1926 (som Associazione Calcio Fiorentina) 1. august 2002 (som AC Fiorentina e Fiorentina Viola | |||
Heimebane | Stadio Artemio Franchi (kapasitet: 47,006[1]) | |||
Hovudtrenar | Vincenzo Montella | |||
Liga | Serie A | |||
2020/21 | 14. plass | |||
Nettstad | Heimeside | |||
| ||||
Noverande sesong |
Fiorentina vann Cupvinnarcupen i 1961, og tapte finalen i same turneringa året etter. Klubben nådde i 1957 finalen i Europacupen, der det vart tap for Real Madrid, Europas beste fotballag i siste halvdel av 1950-åra. I 1990 tapte Fiorentina finalespelet i UEFA-cupen, borte-/heimekamp, med 1-3 for Juventus. Fiorentina har vunne to seriemeisterskap i Italia, fyrst i 1956 og så på ny i 1969. Seks gongar har klubben gått til topps i den italienske cupen; Coppa Italia.
Sidan 1931 har Fiorentina spela på Stadio Artemio Franchi, eit stadion med plass til 47 282 tilskodarar.
22. september 2021[2][3] Note: Flagga viser til landslaget som spelaren kan spela for, som definert av FIFA sine reglar. Spelarane kan ha fleire nasjonalitetar i annan forstand.
|
|
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.