From Wikipedia, the free encyclopedia
Eblaittisk er eit utdøydd austsemittisk språk i nær slekt med akkadisk, som vart snakka i oldtidsbyen Ebla, i dagens Syria. Det vert rekna som det første skrivne semittiske språket. I ruinane av byen fann dei mellom 1974 og 1976 rundt 17 000 godt verna kileskrifttavler som er skrive på både sumerisk og eblaittisk.
Lingvistisk ligg eblaittisk ein stad mellom det samtidige austsemittiske språket akkadisk og dei nordvestsemittiske språka, representert av ugarittisk, arameisk og kanaanittiske språk (fønikisk, hebraisk, m.fl.). Kileskrifta kan òg overdriva dei austlege særprega ved eblaittisk, på grunn av den ikkje er godt eigna til å transkripere semittiske språk.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.