From Wikipedia, the free encyclopedia
Earthling er det 20. studioalbumet til den engelske musikaren David Bowie. Det kom ut i februar 1997 på Arista og Virgin. Albumet vart produsert av Bowie, Reeves Gabrels og Mark Plati, og var spelt inn i 1996 i Mountain Studios i Montreux i Sveits og Looking Glass Studios i New York City etter at Outside-turneen var over. Albumet har ein electronica-påverka stil dels inspirert av industriell musikk og drum and bass-kulturen i 1990-åra.[7] Albumet selde betre enn den meir eksperimentelle føregangaren Outside. Bowie la ut på Earthling-turneen etter albumet kom ut i 1997. Albumet vart gjeve ut på ny med bonusspor i 2004.
Earthling Studioalbum av David Bowie | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 3. februar 1997 | |
Innspelt | Mars til august 1996 | |
Studio | ||
Sjanger | ||
Lengd | 48:57 | |
Selskap | ||
Produsent |
| |
David Bowie-kronologi | ||
---|---|---|
BBC Sessions 1969–1972 (Sampler) (1996) |
Earthling | The Deram Anthology 1966–1968 (1997) |
Studioalbum av David Bowie-kronologi | ||
Outside (1995) |
Earthling | Hours (1999) |
Singlar frå Earthling | ||
|
Bowie vende attende til studio fem dagar etter han var ferdig med turneen for det førre albumet sitt, 1. Outside (1995). Omkring ei veke etter albumet kom ut, sa Bowie til ein intervjuar «Eg tenkte verkeleg det ville vere flott viss me kunne ta eit bilete, nesten eit lydmessig fotografi av korleis me var på den tida. Så, Reeves [Gabrels] og eg byrja å skriva umiddelbart etter at me var ferdige med turneen.»[8] Trass i at dei gjekk i studio utan nokre songar klare,[9] tok albumet berre to og ei halv veke å spele inn,[8] som var typisk for eit Bowie-album.[10] Bowie samanlikna det med albumet Scary Monsters (and Super Creeps) frå 1980: «Eg tenkjer det er eit ganske sterkt band mellom Scary Monsters og dette albumet, til ein viss grad. Det har i alle fall den same aggressive intensiteten.»[11] Bowie skildra albumet som eit forsøk på å «skape noko verkeleg dynamisk og aggressivt.»[8]
«I motsetnad til dei fleste drum and bass-greiene», sa han, «ønskte me ikkje berre å ta delar som andre folk hadde spelt inn og sample dei. På skarptromma gjekk Zac [Alford] bort og laga sine eigne sløyer og fann ut av alle slags rare timingar og rytmar. Så auka me snøggleiken på dei opp til 160 slag i minuttet. Det gjorde med mange plassar på albumet. Me sampla berre oss sjølv og skapte vårt eige lydlandskap på den måten.»[8]
Earthling vart spelt inn fullstendig digitalt, «heilt på harddisk.»[7] Under intervju under marknadsføringa av albumet sa Bowie «Eg gjorde nesten alt på gitar. Mykje skrike-skråle-ting vart gjort på saksofon, så overført til sampler, og så forvrengd og handsama på synthesiseren.»[11]
Bowie og Gabrels brukte ein teknikk dei byrja på medan dei arbeidde på 1. Outside: å overføre bitar av gitar til ein sampler og så konstruere riff frå dei desse bitane. «Det er verkeleg gitar,» sa Bowie, «men konstruert på ein syntetisk måte. Men Brian Eno gjekk i vegen – på den finaste måten – så me byrja ikkje å gjere det slik før dette albumet. Me ønskte å ta det vidare fordi det var ein spanande idé.»[7] Bowie rekna dette albumet, og føregangaren, å vere ei «teksturdagbok» om korleis dei siste få åra av milleniet kjendest ut.[12]
Inspirasjonskjeldene til Bowie og Gabels hadde stor innverknad på albumet: Bowie var inspirert av ein «euro»-stil og band som The Prodigy, medan Gabrels var meir inne i amerikansk industriell musikk og band som Underworld.[7] Reeves Gabrels sa: «Det var snakk om at albumet hoppa på drum 'n' bass-vogna, men det er meir påverka av det som vart kalla electronica. David elska Photek og Tricky. Desse påverknadene var i lufta den gongen. Eg har aldri fortalt David dette, men i hovudet mitt tenkte eg meir på 'Won't Get Fooled Again' - det muskuløse rockebandet med sekvensiell informasjon ... Det er favorittplata mi som eg gjorde med David. Vi hadde ei kjensle medan vi gjorde det at vi laga noko vi ikkje hadde høyrt.»[13]
«(For Young Americans) ønskte eg å arbeide innafor Philadelphia soul, og den einaste måten eg , og den einaste måten eg visste var å bringe det som er grundig europeisk ved meg til dette ibuande svarte amerikanske formatet», sa Bowie. «Og dette [albumet] var ikkje ein ulik situasjon. Det var hybridiseringa av den europeiske og amerikanske følsemda, og for meg er det spennande. Det er det eg gjer best. Eg er ein syntetikar.»[14]
«Eg antar at fellesskapet med alle songane er dette varige behovet i meg for å vakla mellom ateisme eller ein slags gnostisisme», sa han. «Eg fortset å gå bakover og framover mellom dei to tinga, fordi dei betyr mykje i livet mitt. Eg meiner, kyrkja går ikkje inn i forfattarskapet mitt eller tanken min; eg har ingen empati med nokre organiserte religionar. Det eg treng er å finna ein balanse, andeleg sett, med måten eg lever på og bortgangen min. Og den tidsperioden - frå i dag til døden min - er det einaste som fascinerer meg.»[15]
Plateomslaget syner ein Union Jack-basert frakk av Alexander McQueen, som hadde designa scenekostyma for Bowie og bandet hans.[16] Før albumet kom ut, vurderte Bowie å kalle albumet Earthlings (fleirtal).[17]
Bowie og bandet fortsette den eksperimentelle måten å lage musikk på, som først vart nytta under Berlintrilogien: for sporet «Looking for Satellites» sa Bowie til gitaristen Gabrels at han «ønskte at han berre spelte på ein streng om gongen. ... Han vart bunden av akkorden til det endra seg, og det gjorde oppkøyringa hans mest uortodoks. » Gitarriffet som vart brukt til sporet «Dead Man Walking» var basert på eit riff Jimmy Page (frå Led Zeppelin) hadde spelt for Bowie tilbake på 60-talet. Ifølgje Gabrels var ein del av bassporet på «Little Wonder» eit opptak av bassisten Gail Ann Dorsey då ho prøvde å få ein lyd frå pedalbordet hennar utan å vita at ho vart spelt inn. For «Battle for Britain» utfordra Bowie Mike Garson til å spele basert på «ideen frå eit stykke Stravinsky skreiv kalla 'Ragtime for Eleven Instruments'. Eg sa 'Viss du kunne komme inn i karakteren til det ...' og han gjorde det umiddelbart.»[11]
«Little Wonder» var ein av få spor Bowie og Gabrels skreiv for albumet,[11] og Bowie kalla skrivinga av songen ei «latterleg» øving i rein medvitsstraum. «Eg plukka berre Snehvit og de syv dvergene og laga ei linje for kvar av namna på dvergane. Og det er songen [ler]. Og så gjekk eg tom for dverge-namn, så det er nye dvergar der som 'Stinky'.»[9]
Opphavleg hadde Bowie tenkt at han berre skulle ha eit par nye songar på albumet, og hadde planar om å fylle albumet med nyinnspelingar av somme av dei tidlegare songane sine, som «Dead Against It» frå albumet The Buddha of Suburbia frå 1993, «I Can't Read» og «Baby Universal» frå tida med Tin Machine, og «Bring Me the Disco King», som han hadde prøvd seg på ein gong før i 1993 på for Black Tie White Noise.[18] Men på grunn av den uventa produktive låtskrivinga hans under innspelinga, vart ingen av desse songane med på albumet, sjølv om Bowie spelte inn nye versjonar av «Bring Me the Disco King», «I Can't Read» og «Baby Universal».[18] Om sistnemnde sa Bowie «Eg syntest det var ein verkeleg bra song og eg trur ikkje han vart høyrt. Eg ønskte ikkje at det skulle skje, så eg sette han på albumet. Eg likar verkeleg dette. Eg syns denne versjonen er særs bra.»[19] Faktisk spelte Bowie inn to nye versjonar av «I Can't Read». Den første kom ut på filmmusikken for filmen The Ice Storm, og for den andre, versjonen som Bowie føretrekte, kom ut i lag med «Baby Universal» på EP-en Is It Any Wonder? i 2020.[20] Bowie spelte òg inn «I'm Afraid of Americans» på ny, etter å ha spelt inn ein versjon for filmmusikken for filmen Showgirls frå 1995 under Outside-innspelinga: Bowie sa «Det var noko eg og Eno sette saman, og eg syntest berre ikkje han passa inn på Outside, så han vart ikkje med der. Han vart berre verande att. Så tok me berre grunnlaget av han og omstruktuerte songen med bandet.»[11] I tillegg inkluderte Bowie «Telling Lies», som Bowie hadde skrive og gjeve ut på Internett året før.[18]
Den originale sporlista for albumet vart avslørt i 2020; «The Last Thing You Should Do» og «Nuts» vart spelte inn i november 1996 og tanken var at begge skulle vere B-sider, men Bowie byta ut «I Can't Read» med «The Last Thing You Should Do» og tok «Baby Universal» heilt bort frå albumet.[20] «Nuts» kom til slutt ut på Is It Any Wonder? (2020).
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [5] |
Chicago Tribune | [21] |
The Encyclopedia of Popular Music | [22] |
Entertainment Weekly | A[3] |
NME | 6/10[23] |
Pitchfork | 8.0/10[24] |
Robert Christgau | [25] |
Rolling Stone | [26] |
The Rolling Stone Album Guide | [27] |
Spin | 6/10[28] |
Sjølv om albumet ikkje selde særskild godt då det kom ut, fekk det mykje positiv omtale[8] og ein kritikar kalla det «rikt strukturert» «attende til stordom»[29] og ein annan sa at albumet representerte «noko av den beste musikken til Bowie på eit tiår».[21] Rolling Stone likte albumet og merka seg at eksponeringa for Nine Inch Nails på den førre turneen til Bowie tilsynelatande hadde inspirert han på dette albumet, og kalla det «hans beste sidan Scary Monsters i 1980.»[30] I ei mindre positive melding kritiserte Stephen Thomas Erlewine i AllMusic stilen på albumet som «pinleg», og skreiv at «plata høyrest ofte ut som om taktane rett og slett vart plassert på toppen av eksisterande songar.» Han kalla songane vidare formelbaserte og sjølve albumet til sjuande og sist lite imponerande.[5] John Davidson i PopMatters skreiv at Earthling var resultatet av at Bowie prøvde å «dilte etter» drum and bass-eksplosjonen seint i 1990-åra. Han kallar tekstane Bowie sine «mest sløve» og trudde til liks med Erlewine at trommeslaga vart bygd rundt songane i staden for for dei. Davidson sa til slutt: « Earthling er i hovudsak eit konvensjonelt Bowie-rockealbum (om noko slikt finst), kledd i posete danseklede.»[31]
Earthling vart nominert til Grammyprisen i 1998 for beste alternative musikkalbum og songen «Dead Man Walking» vart nominert for beste mannelege rockesong. Albumet gjorde det betre enn den eksperimentelle føregangaren Outside, og nådde sjetteplassen på den britiske albumlista og 39. plassen på i USA.[32] Albumet gav ein mindre hit med ein Trent Reznor-remiks av «I'm Afraid of Americans».
Ein mandarin-språkleg versjon av songen «Seven Years in Tibet» toppa lista i Hong Kong og markerte første gongen ein ikkje-asiatisk artist hadde nådd toppen av singellista i dette området.[33]
Entusiasmen Bowie hadde for remiksar nådde toppen då dette albumet kom ut og fleire singlar frå albumet vart sende til klubbar. Tre versjonar av «Telling Lies» vart gjevne ut på den offisielle nettstaden til Bowie fleire månader før albumet kom ut, og vart den første digitale singelen nokon gong av ein større artist.[34] «Little Wonder» vart den største hitten frå albumet og nådde 14. plassen i Storbritannia.
Tre andre singlar — «Dead Man Walking», «Seven Years in Tibet» og «I'm Afraid of Americans» (i lag med Trent Reznor) — gjorde det ikkje like bra, sjølv om sistnemnde låg på den amerikanske singellista i 16 veker og nådde 66. plassen.[32]
Musikkvideoane for Earthling vart forseggjorte. Kunstaren og regissøren Floria Sigismondi regisserte musikkvideoane for «Little Wonder» og «Dead Man Walking», medan Dom and Nic regisserte «I'm Afraid of Americans»,. Sistnemnde vart nominert til ein MTV Video Music Award. Det vart òg laga ein musikkvideo for «Seven Years in Tibet», som hovudsakleg bestod av konsertopptak.
Bowie tok songar frå albumet med seg på vegen i september 1996 og heldt fire «club»-konsertar på den amerikanske austkysten, inkludert ein i Roseland Ballroom i New York City, som fekk positiv omtale. før han gjekk på scenen for desse konsertane, spelte Bowie den nye songen sin («Telling Lies») over høgtalarane, men sidan singelen berre var tilgjengeleg for nedlasting over Internett, kjende ikkje flesteparten av fansen til songen. Setlista for desse konsertane var liknande setlista han brukte på den komande Earthling-turneen.[35][36]
9. januar 1997, dagen etter han vart 50, feira Bowie seg sjølv med ein konsert, der han framførte songar frå albumet, i tillegg til eit utval av songar frå katalogen sin. Han spelte for nesten 15 000 fans i Madison Square Garden i New York.[37] Bowie fekk med seg ei rekkje artistar på scenen, inkludert Billy Corgan, Foo Fighters, Sonic Youth, Black Francis, Robert Smith og Lou Reed, som spelte på songane hans.[37] Andre ikkje-utøvande gjester var Beck, Moby, Julian Schnabel, Prince, Charlie Sexton, Fred Schneider, Christopher Walken, Matt Dillon og kona til Bowie, Iman. Kunstnaren Tony Oursler designa somme av kunsten for videoane som gjekk på skjermar bak bandet på scenen. Hendinga vart filma for ein betal-per-visning-sending,[38][39] og ein del av inntektene vart donerte til den veldedige organisasjonen Save the Children.[37] Tim Pope, som tidlegare arbeidde med Bowie då han regisserte videoen for «Time Will Crawl» i 1987, regisserte konsertfilmen,[40] og Duncan Jones, sonen til Bowie, var ein av kameraoperatørane under konserten.[41]
I februar 1997 framførte Bowie songar frå Earthling live på Saturday Night Live og The Tonight Show.[42] Bowie vart mellombels bannlyst frå SNL etter denne framsyninga, dels fordi han byta songane han skulle spele. Han hadde først planlagd å spele «Little Wonder» og «Telling Lies», men byta den siste med «Scary Monsters» i siste augneblink, utan å sei i frå til besetninga for showet.[43] Bowie fekk likevel kome attende på showet i 1999.[44]
På Phoenixfestivalen i juli 1997 spelte Bowie og bandet hans i Radio 1 Dance-teltet som «Tao Jones Index». Dei framførte i mørkret med tørris og strobelys. Tao Jones Index var eit ordspel basert på det verkelege namnet til Bowie, David Jones, og i 1997 vart det gjeve ut Bowie-obligasjonar (Tao vert uttalt «Dow», som i Dow Jones Index på den amerikanske aksjemarknaden).[45]
Bowie drog attende på turné for å marknadsføre albumet med Earthling-turneen fann stad mellom mai 1997 og slutten av året.[8]
Somme songar frå desse konsertane kom ut på promoalbumet Earthling in the City (1997).
Bowie hadde sagt i midten av 1996 at han ønskte å gå i studio for å arbeide på ein oppfølgjar til Outside etter først å ha laga eit album med turnébandet sitt,[46] men det kom ikkje noko oppfølgjar til Outside. Det neste albumet til Bowie var Hours i 1999.
All tekst er skriven av David Bowie; all musikk er komponert av Bowie, Reeves Gabrels og Mark Plati, utanom der andre er nemnd.
Nr. | Tittel | Musikk | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Little Wonder» | 6:02 | |
2. | «Looking for Satellites» | 5:21 | |
3. | «Battle for Britain (The Letter)» | 4:48 | |
4. | «Seven Years in Tibet» | Bowie, Gabrels | 6:22 |
5. | «Dead Man Walking» | Bowie, Gabrels | 6:50 |
6. | «Telling Lies» | Bowie | 4:49 |
7. | «The Last Thing You Should Do» | 4:57 | |
8. | «I'm Afraid of Americans» | Bowie, Brian Eno | 5:00 |
9. | «Law (Earthlings on Fire)» | Bowie, Gabrels | 4:48 |
Total lengd: | 48:57 |
Nr. | Tittel | Remiksar | Lengd |
---|---|---|---|
10. | «Little Wonder» (dance mix) | Danny Saber | 5:34 |
11. | «I'm Afraid of Americans» (V1 mix) | Nine Inch Nails | 5:31 |
12. | «Dead Man Walking» (mix 2 US promo 12") | Moby | 5:27 |
13. | «Telling Lies» (mix) | Adam F | 5:09 |
Total lengd: | 21:41 |
Nr. | Tittel | Tekst | Musikk | Remiksar | Lengd |
---|---|---|---|---|---|
1. | «Little Wonder» (sensurert videoutgåve) | 4:09 | |||
2. | «Little Wonder» (club mix) | Junior Vasquez | 8:18 | ||
3. | «Little Wonder» (dance mix) | Danny Saber | 5:34 | ||
4. | «Seven Years in Tibet» (mandarin-versjon)) | Bowie, omsett av Lin Xi | 4:00 | ||
5. | «Dead Man Walking» (mix 1) | Moby | 7:34 | ||
6. | «Dead Man Walking» (mix 2 US promo 12") | Moby | 5:27 | ||
7. | «Telling Lies» (Feelgood mix) | Mark Plati | 5:09 | ||
8. | «Telling Lies» (Paradox mix) | A Guy Called Gerald | 5:10 | ||
9. | «I'm Afraid of Americans» (Showgirls-versjonen) | 5:13 | |||
10. | «I'm Afraid of Americans» (V1 mix) | Nine Inch Nails | 5:31 | ||
11. | «I'm Afraid of Americans» (V1 clean edit) | Nine Inch Nails | 4:14 | ||
12. | «V-2 Schneider» (Tao Jones Index) (konsertopptak frå Paradiso, Amsterdam, 10. juni 1997) | Bowie | 7:16 | ||
13. | «Pallas Athena» (Tao Jones Index) (konsertopptak frå Paradiso i Amsterdam, 10. juni 1997) | Bowie | 8:20 | ||
Total lengd: | 76:45 |
Merknad
Frå plateomslaget til Earthling.[49]
Produksjon
Vekeslister
|
Årslister
Salstrofé og salstal
|
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.