From Wikipedia, the free encyclopedia
Drumcliff[1] eller Drumcliffe (irsk Droim Chliabh, tyder 'kammen med korger') er ein landsby i County Sligo i Ireland. Han ligg 8 km (5 miles) nord for Sligo by på vegen N15 på ein låg gruskam mellom fjellet Ben Bulben og Drumcliff-bukta. Landsbyen ligg ved elva Drumcliff, tidlegare kalla Codnach, som renn ut frå Glencar Lake.[2] Den irske diktaren W.B. Yeats er gravlagd i Drumcliff.
Drumcliff | |||
landsby | |||
Land | Irland | ||
---|---|---|---|
Fylke | County Sligo | ||
Drumcliff 54.3333°N 8.5°W | |||
Wikimedia Commons: Drumcliffe | |||
Eit eldre namn for Drumcliff er Cnoc na Teagh ('Åsen med huset'). Landsbyen er ein av fleire moglege stader i County Sligo som kan ha vore busetnaden Nagnata vist på Ptolemaios sitt tidlege kart over Irland. Namneet Codnach tyder 'roleg elv'.
Eit gammal topografisk dikt i dindsenchas-tradisjonen, folklore om stadnamn, fortel at korgene i namnet Drumcliff viser til vidjeverk for ein flåte båtar som ein gong blei laga her.
Drumcliff var i den vestlege enden av kongeriket Bréifne (austenden var Kells), og i nordenden av Tir Fhiacrach Múaidhe (Tireragh).
Slaget ved Cúl Dreimhne eller Battle of the Book blei utkjempa i nærleiken av Drumcliff mellom 555 og 561.
Heilage Kolumba (Colmcille) skipa eit kloster i Drumcliff rundt 575.[treng kjelde]. Den fyrste abbeden var heilage Mothorian.
Alt som er att av klosteret i dag er ein irsk høgkross frå rundt 1100, og ruinane av eit rundt tårn frå 900- eller 1000-talet, det einaste ein kjenner i County Sligo. Tårnet blei råka av lyn i 1396.[3] Den noverande kyrkja har krossheller bygde inn i veggane.
W.B. Yeats (1865–1939) er gravlagd i kyrkjegarden til St. Columba's Church of Ireland. Yeats døydde i Roquebrune-Cap-Martin i Frankrike i januar 1939, men leivningane hans blei tekne tilbake til Irland av Irish Naval Service og gravlagde att i Drumcliff i 1948. Til stades var store mengder lokale folk og høgstatusfolk som Éamon de Valera og Seán MacBride, som representerte regjeringa.[4] Den kjende epitafen hans, frå diktet «Under Ben Bulben», er:
Oldefar til Yeats hadde vore prest i Drumcliff. Far til William, John Butler Yeats, omtalte han og landsbyen i eit brev til sonen i 1913:
« | My father, tho' a low Churchman, hated Presbyterianism and Presbyterians. Why? Because he knew like members of his own family the Catholic peasants of Drumcliff. In his time there were forty houses between the rectory gate and the round tower, now there is only one. In my grandfather's time he & the parish priest were friends. Maynooth did not exist, and the priest was educated in the liberal atmosphere of a French College, and possibly both of them read Voltaire and Gibbon. One of the peasants told me he remembered the priest getting up a bonfire to celebrate my grandfather's return to the parish from a protracted sojourn in Dublin. | » |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.