Éamon de Valera
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Eamon de Valera (fødd Edward George de Valera, 14. oktober 1882–29. august 1975) var ein irsk opprørsleiar og politikar på Irland. Han var taoiseach (statsminister) i Republikken Irland tre gonger, og president frå 1959 til 1973. Han var også ein hovudperson bak den irske grunnloven.[1]
Éamon de Valera | |||
| |||
Fødd | 14. oktober 1882 Manhattan | ||
---|---|---|---|
Død | 29. august 1975 (92 år) | ||
Statsborgar av | USA, Den irske fristaten, Irland | ||
Parti | Sinn Féin (1926) | ||
Yrke | matematikar, diplomat, politikar | ||
Utdanna ved | Royal University of Ireland C.B.S. Charleville | ||
Mor | Catherine Coll | ||
Far | Juan Vivion de Valera | ||
Ektefelle | Sinéad De Valera | ||
Barn | Brian de Valera, Emer de Valera, Vivion de Valera, Máirin de Valéra, Éamon de Valera, Rúaidhrí de Valera, Terry de Valera | ||
Medlem | Irish Republican Brotherhood Royal Society Conradh na Gaeilge | ||
Alle verv |
|
De Valera var mest kjend som ein av leiarane av den irske kampen for sjølvstende frå Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland tidleg på 1900-talet. Han hadde ei leiande rolle under den irske sjølvstendekrigen og motstanden mot den anglo-irske traktaten under den irske borgarkrigen som følgde (1922–1923). Etter å ha gått ut av Sinn Féin i 1926, fordi rørsla boikotta det irske parlamentet, skipa han Fianna Fáil og blei regjeringsleiar i Den irske fristaten og seinare taoiseach) frå 1932 til 1948, 1951 til 1954 og 1957 til 1959, då han gav seg etter å ha blitt vald til irsk president. Den politiske ståstaden hans utvikla seg frå ein militant republikanisme til sosial og kulturell konservatisme.[2]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.