From Wikipedia, the free encyclopedia
Don Myrick (6. april 1940–30. juli 1993) var ein amerikansk saksofonist.
Don Myrick | |||
| |||
Fødd | 6. april 1940 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Chicago | ||
Død | 30. juli 1993 (53 år) | ||
Dødsstad | Los Angeles | ||
Opphav | USA | ||
Instrument | saksofon | ||
Verka som | saksofonist |
Han spelte alt-, tenor- og sopransaksofon og var medlem av den originale blåserekkja til Earth Wind & Fire, som kalla seg The Phenix Horns Esq. frå 1975 til 1982. Tidlegare hadde Myrick vore medlem av musikkgruppa The Pharaohs. Myrick er òg rekna som grunnleggjaren av Association for the Advancement of Creative Musicians (AACM)[1]
Somme av dei mest kjende saksofonsoloane er Phil Collins sin «One More Night», «Reasons» av Earth Wind & Fire og «After the Love Has Gone» frå albumet I Am. Han har spelt med mange kjende musikarar som Grover Washington, Jr. og Carlos Santana.[2] Myrick spelar på album av artistar som Bobby «Blue» Bland, The Dells, Regina Belle, the Mighty Clouds of Joy og Heaven 17.
Han fekk ein Grammy Award for beste R/B-instrumental med Earth, Wind & Fire-singelen «Runnin'» i 1977/78.[2]
Myrick vart skoten og drepen i Los Angeles i California av ein politimann under ei narkotikaetterforsking.[3] Medan dei prøvde å utføre ein ransakingsordre, trudde politibetjent Gary Barbaro ein butanlighter i handa til Myrick var eit våpen. Han avfyrte eit enkelt skot og trefte Myrick i brystet. Myrick døydde på sjukehuset kort tid etter, 53 år gammal. Famillien saksøkte byen for urettmessig dødsfall og fekk 400 000 dollar ved eit forlik.[4]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.