amerikansk songar From Wikipedia, the free encyclopedia
Robert Calvin Bland, kjent som Bobby «Blue» Bland, (27. januar 1930–23. juni 2013) var ein amerikansk bluessongar og eit av dei største namna innan Texas-blues. Han blei vald inn i Blues Hall of Fame i 1981,[1] Rock and Roll Hall of Fame i 1992 og Memphis Music Hall of Fame i 2012.[2] Han blei tildelt ein Grammy Lifetime Achievement Award i 1997.[3]
Bobby Bland | |||
| |||
Fødd | 27. januar 1930 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Rosemark | ||
Død | 23. juni 2013 (83 år) | ||
Dødsstad | Memphis, Germantown | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1951–2013 | ||
Sjanger | blues, soul | ||
Instrument | munnspel, vokal | ||
Plateselskap | Duke, Dunhill | ||
Verka som | songar | ||
Prisar | Grammy Lifetime Achievement Award, Rock and Roll Hall of Fame |
Bobby Bland byrja å spela inn plater på byrjinga av 1950-talet, men fekk ingen store hittar før i 1957, då han gav ut «Farther up the Road». Denne nådde fyrsteplassen på R&B chart og 43. plassen på Billboard Hot 100. Ei rekkje hittar på R&B-lista følgde, som «Little Boy Blue» (1958).[4] Andre av hittane hans var «I Pity the Fool» og «Turn on Your Love Light». Han spelte så å seia alltid saman med innverknadsrike bluesgitaristar. Bland spelte også inn ein hittversjon av T-Bone Walker sin «Call It Stormy Monday (But Tuesday Is Just as Bad)», som ved ein feil blei gjeven tittelen til ein annan song, «Stormy Monday Blues».[5]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.