From Wikipedia, the free encyclopedia
«Does Anybody Really Know What Time It Is?» er ein song skriven og sungen av Robert Lamm for rockebandet The Chicago Transit Authority (seinare forkorta til Chicago) og spelt inn for debutalbumet deira The Chicago Transit Authority i 1969.
Does Anybody Really Know What Time It Is? Singel av Chicago frå albumet The Chicago Transit Authority | ||
B-side |
«Listen» | |
---|---|---|
Utgjeve | Oktober 1970 | |
Innspelt | 27.-30. januar 1969 | |
Sjanger | Jazzfusion, progressiv rock | |
Lengd | 4:36 (album) 3:20 (singel) 2:54 (radio) | |
Selskap | Columbia | |
Låtskrivar(ar) | Robert Lamm | |
Produsent | James William Guercio | |
Chicago-kronologi | ||
«25 or 6 to 4» (1970) |
Does Anybody Really Know What Time It Is? | «Free» (1971)
|
Songen vart ikkje gjeven ut som singel før to andre songar frå det andre albumet deira, «Make Me Smile» og «25 or 6 to 4», hadde blitt hittar. Dette vart den tredje singelen til bandet på rad som nådde topp 10, då han nådde sjuandeplassen på den amerikanske singellista.[1] I Canada nådde singelen andreplassen.[2] Songen vart den 59. største hitten i Canada i 1970.
Det originale albumsporet inneheld ein kort «fri form» pianosolo av Lamm i starten. Eit talt vers av Lamm er miksa inn i det vokale siste verset på albumversjonen. Singelversjonen inneheld ikkje introen eller det talte verset, og vart opphavleg miksa og gjeve ut i mono. Ein stereoversjon vart gjeven ut på samlealbumet Only The Beginning.
Ein 2:54 alng versjon (utan opningsfanfaren eller pianomellomspelet) vart gjeven ut på den originale vinylversjonen av Chicago's Greatest Hits, men var ikkje med på CD-versjonen av samlealbumet If You Leave Me Now. Denne versjonen vart nytta som radioversjon. Ein enno kortare versjon på 2:46 (som startar halvvegs i trompetsoloen) vart gjeven ut som promosingel, og denne kom ut i 2007 på The Best of Chicago: 40th Anniversary Edition.
Ein konsertversjon på Chicago at Carnegie Hall syner ein utvida versjon av «fri form»-introen, og er der eit eige spor.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.