Dobritsj by
From Wikipedia, the free encyclopedia
Dobritsj (bulgarsk Добрич eller Добрич-град, Dobritsj by, historiske namn:Hacıoğlu Pazarcık på ottomansk tyrkisk, Bazargic på rumensk, Tolbuhin under sosialisttida) er ein by og ein kommune i provinsen Dobritsj i Bulgaria og hovudstad i provinsen. Kommunen omfattar berre byen Dobritsj, som er heilt omslutta av landkommunen Dobritsjka.
Dobritsj | |||
Добрич | |||
Kommune | |||
Kyrkje i Dobritsj | |||
|
|||
Land | Bulgaria | ||
---|---|---|---|
Provins | Dobritsj | ||
Koordinatar | 43°34′12″N 27°49′44″E | ||
Høgd | 225 m | ||
Areal | 111,996 km² [1] | ||
Folketal | 73 895 (2021)[2] | ||
Folketettleik | 659,80 / km² | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
Postnummer | 9300 | ||
Retningsnummer | 058 | ||
![]() Dobritsj 43.562212°N 27.83189°E | |||
![]() Dobritsj kommune i provinsen Dobritsj
| |||
Wikimedia Commons: Dobrich | |||
Nettstad: www.dobrich.bg | |||
Dobritsj er den åttande største byen i Bulgaria, og senteret i den historiske regionen Sør-Dobruja. Byen ligg 30 km vest for kysten av Svartehavet, ikkje langt frå feriestader som Albena, Baltsjik og Golden Sands.
Historie
Den noverande byområdet og omgivnadane rundt har på grunn av fruktbar svartjord vore brukt til dyrking av korn sidan førromersk tid, og området kom i fokus på grunn av naboområda sine politiske og økonomiske interesser. Då Bulgaria vart sjølvstendig i 1878, etter å ha vore ein del av Det osmanske riket, vart det avgjort på Berlinkongressen at Dobrudzja skulle delast i to. Den nordlege delen gjekk til Romania, og den sørlege delen til Bulgaria.
Etter slutten av den andre balkankrigen i 1913 vart Dobritsj og den sørlege delen av Dobrudzja ein del av Romania. Under den første verdskrigen, den 3. september 1916, omleira bulgarske troppar den sørlege delen av Dobrudzja. Ved freden i Neuilly 27. november 1919 mista derimot Bulgaria igjen området til Romania. Under den andre verdskrigen, den 25. september 1940, marsjerte igjen den bulgarske hæren inn i byen, og området har sidan den gong vore ein del av Bulgaria. Denne datoen vert framleis feira i byen.
Heile det sørlege Dobrudzja er mykje landleg, og Dobritsj er eit landsbysentrum med maskinbygging, marknad og tekstilindustri. I sentrum av byen ligg eit etnografisk museum der ein kan sjå utviklinga av byen.
I Dobritsj og i området rundt bur det ein stor tyrkisk minoritet, mellom anna mange som høyrer til det tyrkiske folket gagauzerane.
Areal og folketal
Kommunen har eit areal på 112 km².[1] Ved folketeljinga i 2021 hadde byen 73 895 innbyggjarar.[2]
Til storbyområdet for Dobritsj blir rekna heile kommunen, saman med landkommunen Dobritsjka.[3] Storbyområdet har i alt 90 695 innbyggjarar.[2]
Den einaste busetnaden i kommunen er:
Kjende personar frå Dobritsj
- Peter Zvetkov, komponist
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.