From Wikipedia, the free encyclopedia
Distriktet Levkosía (gresk Επαρχία Λευκωσίας, Eparkhía Levkosías, tyrkisk Lefkoşa kazası) er eit distrikt i Republikken Kypros. Distriktet ligg sentralt på øya Kypros og har eit areal på 2 714 kvadratkilometer.[1]
Etter den tyrkiske invasjonen i 1974 har den nordlege delen av distriktet vore utanfor kontroll frå styresmaktene, frå 1983 administrert av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros, fordelt på distrikta Lefkoşa, Güzelyurt og frå 2016 Lefke.[2][3] Landsbyen Dénia ligg i FNs buffersone på Kypros.
Utviklinga av folketalet i distriktet (frå 1976 er ikkje dei områda som er administrerte av Nord-Kypros medrekna):
Distriktsadministrasjonen i byen Levkosía (Nikosia) representerer den kypriotiske staten i distriktet. Fungerande leiar for distriktsadministrasjonen (gresk έπαρχος, éparkhos) er (i 2016) Mários Panajídis.[9]
Distriktet har tolv kommunar, av desse ligg to heilt i område som er administrerte av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros,[10] medan to har innbyggjarar på båe sider.[8][2] Dei kommunane som er under kontroll av styresmaktene, er (innbyggjartal 2011 i parentes):[8]:
Kommunane som er kontrollerte av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros, er (innbyggjartal 2011 i parentes):[2]
Desse kommunane har innbyggjarar på båe sider:[8][2]
Utanom kommunane har Levkosía 162 registrerte busetnader, av desse ligg 49 i område som er administrerte av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros.[11] Dei største busetnadene som er under kontroll av styresmaktene, er (innbyggjartal 2011 i parentes):[8]
|
|
|
|
Dei største busetnadene som er heilt kontrollerte av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros, er (innbyggjartal 2011 i parentes):[2]
|
|
|
To busetnader har innbyggjarar på båe sider:[8][2]
Eit tjuetals busetnader, dei fleste i eller nær buffersona mellom dei områda som er kontrollerte av republikken Kypros, og dei områda som er administrerte av Nord-Kypros, er heilt eller nesten heilt fråflytta.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.