From Wikipedia, the free encyclopedia
Diktatoren (org. The Great Dictator) er ein amerikansk film frå 1940 av Charlie Chaplin Filmen er ein dramatisk komedie med klåre referansar til sein mellomkrigstid i det nasjonalsosialistiske Tyskland.
Regi | Charlie Chaplin | ||
---|---|---|---|
Produsent(ar) | Charlie Chaplin | ||
Manus | Charlie Chaplin | ||
Medverkande | Charlie Chaplin, Paulette Goddard, Jack Oakie, Reginald Gardiner, Henry Daniell, Billy Gilbert, Emma Dunn, Chester Conklin, Maurice Moscovitch, Bernard Gorcey, Esther Michelson, Gino Corrado, Grace Hayle, Hank Mann, Joe Bordeaux, John Davidson, Paul Weigel, Wheeler Dryden, Carter DeHaven, Eddie Gribbon, Eddie Dunn, Charles Irwin, Siegfried Arno, Hans Conried, Richard Alexander, Leo White, Don Brodie, Pat Flaherty, Charles Sullivan, Cyril Ring, William Irving, Bert Moorhouse, Fred Aldrich, George Lynn, Tiny Sandford, Rudolph Anders | ||
Musikk | Charlie Chaplin, Meredith Willson | ||
Sjeffotograf | Roland Totheroh, Karl Struss | ||
Produksjonsselskap | Charles Chaplin Film Corporation, United Artists, Charlie Chaplin Studios | ||
Distributør | United Artists | ||
Utgjevingsdato | 15. oktober 1940 (USA),[1][2] 19. november 1945 (Sverige),[3] 26. august 1958 (Tyskland),[4] 22. oktober 1960 (Japan)[5] | ||
Lengd | 125 minutt | ||
Opphavsland | USA | ||
Språk | engelsk | ||
Inntening | 5 000 000 US-dollar | ||
Sjanger | dramakomedie, politisk satire, Krigsfilmar, anti-krigsfilm, dramafilm, filmparodi, Slapstick, comedy of error, komedie |
Diktatoren handlar om ein jødisk barberar (Charlie Chaplin) som pådreg seg hukommelsestap etter ei krigsskade under første verdskrigen. Som pasient i diverse sjukehus er han difor verna for forandringane i heimlandet, Tomania (omskriving av Tyskland). I mellomtida har Adenoid Hynkel (også spelt av Chaplin) teke over makta i Tomania og oppretta ghettoar for uønska, då særleg jødar. Når den jødiske barberaren vender heim er salongen hans spikra igjen, og ordet «jøde» står på alle vindauge. I ein typisk slapstick-scene kjem barberaren seg unna stormtroppane ved hjelp av Hannah (Paulette Goddard), og seinare Schultz, ein tidlegare soldatkollega som barberaren redda livet til.
Samstundes har Hynkel, som treng å låna pengar frå jødiske finansfolk, avgrensa jødeforfølginga noko, medan han egga fram av innanriksminister Garbitsch (Henry Daniell) får vyar om verdsherredømme. Det er her den kjende dansen med ein oppblåsbar globus kjem. Dei jødiske finansfolka nektar å støtta regimet, og Hynkel held dermed fram med jødeforfølginga si. Dette går ut over Schultz, som sjølv ikkje ynskjer å forfølgja jødar, og dermed vert skulda for å vera forrædar. Schultz gøymer seg hos barberaren, og dei to og fleire andre planlegg eit håplaust sjølvmordangrep som Hannah får ein slutt på. Etter kvart vert barberaren og Schultz arrestert og sende til ein konsentrasjonsleir dei seinare rømmar frå.
Hynkel avgjer å møta Bacterias president Benzino Napaloni for å diskutera det felles nabolandet Osterlitch. Møtet, som i hovudsak er til for å gje Napaloni ei kjensle av mindreverd, mislukkast totalt, men det vert ein ikkje-angrepsavtale mellom dei to landa i høve til Osterlitch. Hynkel bryt snart avtala, og angrip og okkuperer Osterlitch. I forvirringa rundt okkupasjonen vert likevel barbareren, i uniform etter flukta frå konsentrasjonsleiren, teken for å vera Hynkel, medan Hynkel, i jaktklede for å gje inntrykk av å ikkje planleggja ein invasjon, vert teken for å vera barberaren. Barberaren vert teken med til hovudstaden i Tomania for å halda ein triumftale. Barberaren i Hynkels plass leverer i staden ein tale basert på eigne røynsler, som i hovudsak er pasifistisk og framtidsoptimistisk, og alt anna enn det ein vanlegvis forbind med Hynkel. Barberaren adresserer òg Hannah direkte i talen, der han oppfordrar ho til å sjå opp og få eit glimt av menneskets sjel medan det flyr over hatet og oppover. Der sluttar filmen.
Det er fleire heilt openberre parodiar i denne filmen, og nokre moglegvis litt meir skjulte:
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.