From Wikipedia, the free encyclopedia
Komedie er nemninga på eit dramatisk stykke som hovudsakleg er morosamt. Det har vore rekna som ein av dei to viktigaste hovudsjangrane innan teaterkunst, med tragedien som den andre. Ordet komedie kjem frå dei greske orda komos som tyder gilde og ode som tyder song.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
Forskarane er noko i villreide når det gjeld opphavet til komedien. Den klassiske komedien vart utvikla i det gamle Hellas, og er knytt til Dionysosfestane. Komedien var meint å vera morosam, og stilte ofte ut folks lyter og mistak. Den fremste komedieforfattaren i Hellas var Aristofanes.
Frå Hellas og vidare til Roma skil komedietradisjonen seg i to hovudgreiner. Den eine legg vekt på ordspel og grov humor, gjerne knytt til avføring og seksuelle drifter. Aristofanes utvikla denne greina til ei kunstform. Den andre greina var meir situasjonsbasert, og tufta moroa på forveksling, rollebyte og forvirring. Ein av dei mest kjende forfattarane innanfor denne komedietypen var romaren Plautus. Etterkvart kunne komediantane nytte båe typar i eit skodespel, og nokre gonger vart komiske roller skrivne inn i tragisk-historiske skodespel. Dette syner seg ofte hjå William Shakespeare, som snikra i hop mange velkjende komediar av Plautus-typen.
Forma i komedien er oftast knytt til dei same lestene som tragedien, med fem aktar, vendepunkt og løysing. Men i komedien er regelen oftast at skodespelet endar med bryllaup, og i forvekslingskomedien kjem det ofte inn ein fråverande tredjeperson som løyser konflikten og ryddar opp.
Komedien kan ofte vera sosialkritisk, og set mange gonger vante verdiar på hovudet.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.