From Wikipedia, the free encyclopedia
Dieter Fromm (fødd 21. april 1948) er ein tysk tidlegare mellomdistanseløpar frå Bad Langensalza i Thüringen som representerte Aust-Tyskland. Han vart europameister på 800 meter i 1969 og nummer to på same distansen i EM 1971.
Dieter Fromm | |
Statsborgarskap | Tyskland, Den tyske demokratiske republikken |
Fødd | 21. april 1948 (76 år) Bad Langensalza |
Idrett | friidrett |
Tok del i | friidrett under Sommar-OL 1968 – 800 meter menn, friidrett under Sommar-OL 1972 – stafett 800 meter menn, friidrett under Sommar-OL 1972 – 800 meter menn |
Utmerkingar | Fedrelandets fortjenstorden i bronse |
Fromm stega inn i verdseliten på 800 meter då han 14. juli 1968 vann distansen under landskampen Sovjetunionen – Polen – Aust-Tyskland i Leningrad, tida 1.46,1 var den tredje beste i verda i OL-sesongen føre sommarleikane i Mexico-byen. Etter å ha vorte sjettemann i Sommar-OL 1968, sprang han i Friidretts-EM 1969 inn til gullmedalje på personbeste 1.45,9.
I 1970-sesongen fekk Fromm notert 1.47,0 i sitt beste 800-meterløp. Under europameisterskapen 1971 i Helsinki viste han atter evna til å ta ut sitt beste i dei største tevlingane. Sluttida 1.46,0 var årsbeste og sikra han sølvmedaljen, tidelen bakom Jevgenij Arzjanov frå Sovjetunionen.
Den 14. juni 1972 sletta Fromm den austtyske 800-rekorden til Manfred Matuschewski. Ved eit stemne i Aust-Berlin vart han klokka inn på 1.45,4, ei tid han sjølv tangerte i landskampen mot Frankrike nokre veker seinare. I september kvalifiserte han seg til OL-finalen i München, i finalen gav han opp og vart sist i feltet. To år seinare vart nummer sju og nest sist i EM-finalen i Roma.
Sommaren 1976 kvalifiserte Fromm seg til Sommar-OL 1976 på 1500 meter, etter eit løp på 3.39,9. To veker før sommarleikane tok til i Montreal, fekk han skadd ei akhilles-sinje då ein annan løpar trakka på foten hans. Han la deretter opp.
Fromm var austtysk meister på 800 meter i 1968, 1971, 1972 og 1975. I 1968 var han dobbelmeister med di han han også sigra på 1500 meter.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.