From Wikipedia, the free encyclopedia
Diane von Fürstenberg (fødd Diane Simone Michelle Halfin, 31. desember 1946) er ein belgisk-amerikansk motedesignar som særleg er kjend for si utforming av omslagskjolen.[1][2] Motselskapet hennar Diane von Furstenberg (DVF)[3] er eit verdsomspennande luksusmerke som er representert i over 70 land.[4] Det har hovudkvarter og flaggskipbutikk i Meatpacking District på Manhattan.[5]
Diane von Fürstenberg | |
Statsborgarskap | USA, Belgia |
Fødd | 31. desember 1946 (77 år) Brussel |
Yrke | motedesigner, sosietetsperson, forretningsdrivande |
Språk | spansk, engelsk |
Medlem av | Vital Voices |
Religion | Jødedommen |
Far | Leon Halfin |
Mor | Liliane Nahmias |
Ektefelle | Barry Diller |
Diane von Fürstenberg på Commons |
Sidan 2006 har von Fürstenberg vore president for Council of Fashion Designers of America (CFDA).[2] I 2014 blei ho rekna som den 68. mektigaste kvinna i verda av Forbes.[6] Time Magazine rekna henne som eit Icon i si liste Time 100 i 2015.[7]
Von Fürstenberg blei fødd i Brussel som Diane Simone Michelle Halfin i ein velståande jødisk familie.[8][9] Far hennar var rumensk-fødde Leon (Lipa) Halfin, som hadde flytta til Belgia frå Chișinău i 1929.[10] Mor hennar var gresk-fødde Liliane Nahmias, ein Holocaust-overlevande som hadde vore i Auschwitz.[11]
Etter å ha studert ved Universitetet i Madrid studerte von Fürstenberg økonomi ved Universitetet i Genève.[12] Ho arbeidde ei tid som assistent til motefotograf-agenten Albert Koski i Paris.[2] Deretter blei ho lærling i tekstilfabrikken til Angelo Ferretti i Italia.[2]
I 1969 gifta Diane seg med prins Egon von Fürstenberg, som også hadde studert i Genève, og fekk den tyske adelstittelen prinsesse von Fürstenberg. Paret slo seg ned i New York og fekk to barn, Alexander og Tatiana.[13] Paret skilde lag i 1973, men Diane fortsette å bruka namnet von Fürstenberg eller Furstenberg.
Kort tid etter at sonen blei fødd opna von Fürstenberg ei kledeverksemd. I 1974 deltok ho på ei motevising under New York Fashion Week der ho lanserte ein omslagskjole i jerseystoff. Designet tok verda med storm, og blei seld i over ein million eksemplar i løpet av dei neste to åra. Fürstenberg blei avbilda i kjolen på framsida av Newsweek i 1976, og plagget blei kjøpt inn av Metropolitan Museum of Art.[8][14] Ho lanserte også eit kosmetikkmerke der den første parfymen fekk namn etter dotter hennar, Tatiana.[15] Etter ein pause frå moteverda relanserte Diane von Fürstenberg selskapet og den kjende kjolen i 1997.[16]
Diane von Fürstenberg gifta seg opp att med forretningsmannen Barry Diller i 2001. Paret driv den filantropiske stiftinga The Diller – von Furstenberg Family Foundation.[16] Stiftinga deler mellom anna ut DVF Awards, ein årleg pris til kvinner som representer leiarskap, styrke eller mot i høve til kvinnerettar.[17] I 2011 tildelte stiftinga 20 millionar dollar til High Line-parken.[18]
Von Fürstenberg sit også i styret til Vital Voices, ein organisjon for kvinneleg leiarskap,[19] og tok del i prosjektstyret til NYCEDC som tok for seg framtida til moteindustrien i New York for borgarmeister Michael Bloomberg.[20] I 2016 designa von Fürstenberg t-skjorter for presidentvalkampen til Hillary Clinton.[21][22]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.