Devon

From Wikipedia, the free encyclopedia

Devonmap

Devon er eit stort grevskap i England. Grevskapet vert stundom uoffisielt kalla Devonshire, som regel i historisk samanheng. Grevskapet grensar til Cornwall i vest og Dorset og Somerset i aust. Kystlinja følgjer Den engelske kanalen i sør og Bristolkanalen i nord.

For den geologiske perioden, sjå devontida.
Kjappe fakta Land, Region ...
Devon
grevskap
Thumb
Motto: Auxilio divino (latinsk «Med gudommeleg støtte»)
Land  England
Region Sørvest-England
Areal 6 707 km²
Folketal 1 141 600  (2008)
Grunnlagd Historisk
Status Seremonielt og ikkje-metropolitansk grevskap
Thumb
Devon
50.7°N 3.8°W / 50.7; -3.8
Thumb
Kart som viser Devon.
Kart som viser Devon.
Wikimedia Commons: Devon
Lukk

Devon er det tredje største grevskapet i England ut frå areal og har om lag 1,1 millionar innbyggjarar. Administrasjonssbyen er Exeter og grevskapet inneheld to sjølvstendige einskaplege styresmakter: hamnebyen Plymouth og Torbay, i tillegg til Devon grevskapsråd. Plymouth er den største byen i Devon. Det meste av grevskapet er landleg med låg folketettleik til å vere Storbritannia. Her ligg Dartmoor på 954 km², det største opne området i Sør-England.[1]

Den einaste naturlege verdsarvstaden til UNESCO i England ligg i Devon. Dette er kyststripa langs Dorset og Aust-Devon, kjend som Jurassic Coast på grunn av dei geologiske og geografiske kjennemerka. I lag med Cornwall vert Devon rekna som ein del av «Det korniske massivet». Dei geologiske tilhøva her har gjeve landskap som Dartmoor og Exmoor, som begge er nasjonalparkar. Devon har mange feriestader ved kysten og historiske byar, samt eit mildt klima, som trekkjer til seg mange turistar.

Historie

Namnet ‘Devon’ kjem frå keltarane som budde der då romarane invaderte Storbritannia rundt år 50 evt. Dei vart kalla dumnoniar, som ein trur kjem av «innbyggjarane i den djupe dalen».

Devon var eit av dei første områda som vart busett i England etter den siste istida. Ein meiner at Dartmoor var busetnad for jakt- og sankefolk i mellomsteinalderen frå rundt 6000 fvt. Romarane okkuperte området i rundt 250 år. Seinare vart området grensa mellom Brittonske Dumnonia og det anglosaksiske Wessex og det vart innlemma i Wessex midt på 800-talet.

Devon har òg vore involvert i dei fleste stridane i England sidan den normanniske erobringa, inkludert rosekrigane, Perkin Warbeck-opprøret i 1497, bønebokopprøret i 1549 og den engelske borgarkrigen.

Devon har produsert tinn, kopar og andre metall sidan antikken. Tinngruverarbeidarane i devon hadde ein stor grad av sjølvstyre i Stannary-parlamentet, som går tilbake til 1100-talet.[2]

Bakgrunnsstoff

Kjelder

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.