From Wikipedia, the free encyclopedia
Det gylne snittet vil seie deling av ei linje eller ei flate i to delar slik at den minste delen står i høve til den største som denne til heile linja eller flata.
Uttrykt som φ (phi) tilsvarar dette eit irrasjonalt tal med verdi
Ein kan finne dette delingsforholdet igjen mange stader i naturen, og spesielt på menneskekroppen. Tilhøvet mellom lengda frå skuldra til fingertuppane og lengda frå olbogen til fingertuppane, knokane på handa og lengda på beina i tilhøve til lengda frå kneet til tærne er nokre døme. Det er òg eit viktig visuelt verkemiddel innan kunst. Det gylne snittet var kjent blant dei gamle grekarane. Det vart mykje brukt i renessansen, særleg innan arkitektur.
Å dele ei linje etter det gylne snittet vert òg kalla høgdeling.
Det gylne snittet byggjer på ei harmonisk deling av eit linjestykke. Snitta deler linjestykket slik at tilhøvet mellom den lengste og den kortaste delen er like stort som tilhøvet mellom heile linjestykket og den lengste delen av det.
Matematisk kan dette uttrykkjast slik: Viss linjestykket AB er delt i eit punkt S slik at tilhøvet mellom AB og AS er lik tilhøvet mellom AS og BS seier ein at S deler AB i det gylne snittet
Av definisjonen:
Den høgre likninga viser at , som kan bli sett inn i den venstre halvdelen, som då gjev:
Stryke ut b og multiplisere begge sider med φ og ordne likninga fører til:
Det kan enkelt verifiserast at den einaste positive løysinga til denne andregradslikninga er
Det motsette forholdet er kjent som det konjugerte gylne snittet og ein brukar stor Φ for å gje dette som ():
Alternativt kan uttrykkast som:
Dette illustrer den unike eigenskapen (blant positive tal) med det gylne snittet at:
Dei to løysingane er innbyrdes inverse og har de same desimalane.
Leonardo da Vinci (1452–1519) opna ei av bøkene sine med følgjande utsegn: «La ingen som ikkje er matematikar lese arbeidet mitt!». Denne spissformuleringa viser interessa til kunstnaren for matematikkfaget. Ved sida av å interessere seg for geometri, studerte han menneskekroppen særs inngåande. Han fann mange tilhøve på menneskekroppen som, ifølgje han sjølv, burde vere lik det gylne snittet for at det skulle vere ein perfekt kropp. Da Vinci hevda at tilhøvet mellom høgda frå navlen og ned og høgda frå navlen og opp bør vere lik det gylne snittet. Det tyder at ein person på 150 cm, skal ha ei navlehøgd på kring 93 cm
Mange biletkunstnarar har, medvite eller umedvite, forhalde seg til det gylne snittet i verka sine. Piet Mondrian arbeidde ofte lenge med elementa i sine Tableaux. Om han målte seg fram eller ikkje, veit ingen, men dei fleste delelinjene i desse bileta fell saman med gylne snittproporsjonar.
Eit BBC-program om andlet og venleik handla i stor utstrekking om at andlet som hadde flatene fordelt etter det gylne snittet vart rekna av det breie publikummet som meir tiltalande enn andlet som ikkje var det. Dei fleste populære skodespelarar og modellar i dag fell inn under denne «norma».
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.