From Wikipedia, the free encyclopedia
Det andre slaget ved Finisterre var eit sjøslag som fann stad 25. oktober 1747 under den austerrikske arvefølgjekrigen i Biscayabukta utanfor Kapp Finisterre nordvest i Spania mellom ein britisk flåte på fjorten linjeskip kommandert av admiral Sir Edward Hawke og ein fransk konvoi, verna av ein skvadron på åtte franske linjeskip kommandert admiral Desherbiers de l'Etenduère. Det vart ein avgjerande britisk siger som sette Frankrike ute av spel på sjøen så lenge krigen varte.
Det andre slaget ved Kapp Finisterre | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Del av den austerrikske arvefølgjekrigen | |||||||
| |||||||
Partar | |||||||
Storbritannia | Frankrike | ||||||
Kommandantar | |||||||
Admiral Sir Edward Hawke | Admiral Desherbiers de l'Etenduère | ||||||
Styrkar | |||||||
14 linjeskip | 8 linjeskip, forskjellige handelsskip | ||||||
Tap | |||||||
Ingen tapte skip | 6 kapra linjeskip |
Mollwitz – Chotusitz – Dettingen – Toulon – Pfaffenhofen – Fontenoy – Hohenfriedberg – Soor – Hennersdorf – Kesselsdorf – Roucoux – 1. Finisterre – Lauffeld – 2. Finisterre – Havanna |
Sjøslaget var mykje likt det første slaget ved Kapp Finisterre den 14. mai 1747.
Franskmennene gjorde heiderleg motstand, og dei gode skipa deira gjorde at dei til ein viss grad klarte å svare mot britane. Britane segla gradvis forbi dei franske skipa og kapra dei. Comte de Vaudreuil på «Intrépide», det første skipet i den franske linja, vendte tilbake for å hjelpe admiralen sin, slik at begge skipa klarte å kome seg unna, men alle dei andre skipa vart kapra.
Medan krigsskipa var opptekne segla dei franske handelsskipa, verna av Castor (26 kanonar) og «Content» (64 kanonar), som Desherbiers kunne spare, og dei segla vidare til Vestindia. Dei fleste av dei vart derimot avskorne og kapra i dei farvatna.
Nederlaget gjorde dei franske styresmaktene overbevist om at dei var hjelpelause til sjøs, og gjorde ingen fleire forsøk på å kjempe seg gjennom den britiske blokkaden. Dette gjorde at dei fleste franske koloniane i Vestindia raskt vart utsett for svolt, og fredsforhandlingane gjekk derfor raskt unna. Kong Ludvig lovde å gje tilbake Nederlanda, som franskmennene hadde erobra, mot at dei koloniane fekk vende tilbake til normale tilstandar. Finisterre-slaga hadde òg ein effekt i den komande sjuårskrigen, då Kong Ludvig ikkje klarte å sende nok forsyningar og menn til Ny-Frankrike og resten av dei sårbare koloniane.
«Devonshire» 64/66 (flaggskip)
«Kent» 74
«Edinburgh» 70
«Yarmouth» 64
«Monmouth» 64
«Princess Louisa» 60
«Windsor» 60
«Lion» 60
«Tilbury» 60
«Nottingham» 60
«Defiance» 60
«Eagle» 60
«Gloucester» 50
«Portland» 50
nokre fregattar
«Weazel» (kanskje ein korvett)
«Intrépide» 74 (Comte de Vaudreuil)
«Trident» 64 (Marquis d Amblimont) - Kapra
«Terrible» 74 (Comte du Guay) - Kapra
«Tonnant» 80 (flaggskip )
«Monarque» 74 (de la Bédoyère) - Kapra
«Severn» 50/56 (du Rouret de Saint-Estève) - Kapra
«Fougueux» 64 (du Vignau) - Kapra
«Neptune» 70/74 - Kapra
«Castor» 26
«Content» 64
konvoi på 252 skip
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.