Remove ads
From Wikipedia, the free encyclopedia
Karibia viser til ein region nord for ekvator mellom Atlanterhavet, Mexicogolfen og det amerikanske fastlandet som består av Karibiahavet med øyane og øygruppene som ligg der.
Politisk reknar ein også fastlandsområda Guyana, Surinam, fransk Guyana og Belize med til området. Historiske namn knytte til området er Antillane og Vest-India.
Namnet Karibia kjem frå karibar, eit av urfolka som levde på Dei små Antillane då dei spanske conquistadorane kom til staden.
I det karibiske området lever det i dag om lag 36 millionar menneske av ulikt opphav. Ved sida av dei no fåtalige urfolka, bur det på dei ulike øyane i Karibia framfor alt menneske av afrikansk og europeisk opphav, kreolar, såvel som indarar (framfor alt i Trinidad og Tobago) og kinesarar.
Spansk og engelsk er hovudspråka i Karibia. 94 % av innbuarane snakkar eit av desse to språka, av desse igjen snakkar 70 % spansk. I tillegg kjem fransk, nederlandsk og ulike kreolspråk.
Det meste av Karibiahavet ligg på den Den karibiske plata, men ein nordvestlege del ligg på den Den nordamerikanske kontinentalplata, skild frå hovuddelen av den 7 680 meter djupe Caymanrenna.
I tusenåret før vår tidsrekning kom arawaktalande folk over til Dei karibiske øyane frå dagens Venezuela. Då dei vel var komne til Trinidad, breidde dei seg nordover. Rundt 1500 år seinare kom dei stridslystne karibane same vegen og dei fordreiv litt om senn arawakane frå dei små Antillane. På den tida Kristoffer Columbus kom budde arawakane på Cuba, Hispaniola og Bahamas, medan karibane budde på Dei små antillane.
Columbus var framfor alt på jakt etter gull og andre rikdomar, men oppdaga fort at arawakane på San Salvador ikkje verdsette det som europearane rekna som rikdomar. Difor reiste conquistadorane vidare til det amerikanske kontinentet, og Karibia vart nesten ikkje busett av spanjolane. Men litt om senn slo engelskmenn, nederlendarar og franskmenn seg ned; også Danmark og Kurland fekk seg koloniar her.
Spesielt på 1600- og 1700-talet var Karibia tilhaldsstad for sjørøvarar i det som vart kalla «piratane si gullalder». Den karibiske varianten vart gjerne kalla buccaneers, og mange av dei var her i kaperfart med «lovleg» oppdrag frå ein eller annan konge. Dei mange små øyane gav sjørøvarane ei rekke fine plassar der dei kunne gøyme seg for forfølgjarane og samstundes ligge på lur for å angripe spanske skip på veg heim med skattar dei hadde røva i Sør-Amerika. Port Royal på Jamaica og den franske busettinga på Tortuga var regelrette piratbusettingar.
Dei fleste øyane vart uavhengige på meidten av 1900.talet.
Desse ikkje-karibiske statane har framleis landområde i Karibia:
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.