From Wikipedia, the free encyclopedia
Den ediacariske utryddinga var ei mogeleg masseutrydding som fann stad i slutten av den geologiske perioden ediacara for 542 millionar år sidan. Av spor som indikerer dette er at acritarchar, den edicariske bioaten og kalkproduserande dyr forsvann og at det gjekk ei tid før dei kambriske organismane «erstatta» dei.
Gjennom ediacara er det to hovudgrupper av organismar ein har funne fossil av, den ediacariske bioaten av organismar med blautt ytre, og kalkproduserande organismar med karbonatskjelett.[1] Fordi begge desse forsvann brått samstundes på slutten av ediacara tyder dette på at det hadde ei felles årsak. [2]
Fossil frå tidleg kambrium, like etter ediacara, viser ein brå auke i organismar som grov tunnelar og eit kraftig aukande biologisk mangfald. Denne hendinga vert kalla den kambriske eksplosjonen. Denne «eksplosjonen» skjedde derimot over tid, og det tyder igjen på at desse nye organismane ikkje berre «erstatta» dei tidlegare organismane og førte til at desse vart utrydda, men at organismane oppstod for å fylle inn ledige nisjar som stod tomme etter ei utrydding av den tidlegare faunaen.[3]
Av geokjemiske funn som tyder på ei masseutrydding er eit fall i δ¹³C (karbon-13) på slutten av ediacara, som ein seinare har sett ved fleire masseutryddingar.[4]
Ein har òg funne ein auke av svartskifer frå slutten av ediacara,[5] som tyder på ein global oksygenmangel.[6] Dette kan ha kome av globale endringar i havstraumane.[5][3]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.