Dean Ford (5. september 1946–31. desember 2018, fødd som Thomas McAleese) var ein skotsk songar og låtskrivar, mest kjend som solovokalist og frontmann i beatgruppa Marmalade frå 1966 til 1974. Ford var med å skrive hittar for bandet som «Reflections of My Life», som har selt meir enn to millionar eksemplar verda over.[1]
Dean Ford | |||
| |||
Fødd | 5. september 1946 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Coatbridge | ||
Død | 31. desember 2018 (72 år) | ||
Dødsstad | Los Angeles i USA | ||
Fødenamn | Thomas McAleese | ||
Alias | Dean Ford | ||
Opphav | Coatbridge i North Lanarkshire i Skottland | ||
Aktiv | 1963–2018 | ||
Sjanger | Pop, rock | ||
Tilknytte artistar | Dean Ford and the Gaylords, Marmalade | ||
Plateselskap | EMI Columbia, CBS, Decca, EMI | ||
Verka som | Songar, låtskrivar |
Tidleg i 1960-åra song han i Dean Ford and the Gaylords, før han etter tre år vart songar i Marmalade. Ford starta ein solokarriere etter Marmalade og gav ut debutalbumet sitt i 1975, produsert av Alan Parsons.[2] Samarbeidet hans med Parsons strekte seg til at han vart gjestevokalist på Pyramid av The Alan Parsons Project i 1978.
Ford flytta til USA i slutten av 1970-åra, der han sleit med alkoholisme, før han vart edru i 1986.[3]
I 2003 vart han med i ei ny utgåve av The Sensational Alex Harvey Band.[4] Ford gav ut det andre soloalbumet sitt, Feel My Heartbeat, i2017.[5] Han gav ut albumet My Scottish Heart to månader før han døydde. Han døydde av sjukdom knytt til Parkinsons sjukdom.[6][7]
- Dean Ford
- «Radio Heart» / «Let It Rain»
- Feel My Heartbeat
- My Scottish Heart
År | Song | Låtskrivar | Listeplassering |
---|---|---|---|
1967 | «I See the Rain» | Campbell-McAleese | Nr. 23 Nederland |
1969 | «Reflections of My Life» | Campbell-McAleese | Nr. 3 UK, nr. 7 US-Cashbox, nr. 10 US, nr. 21 US-AC |
1970 | «Rainbow» | Campbell-McAleese | Nr. 3 UK, nr. 7 US-AC, nr. 51 US |
1971 | «My Little One» | Campbell-McAleese | No. 15 UK, nr. 31 US-AC, nr. 123 US |
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.